Emner: GEOF213 Atmosfære- og havdynamikk - Høst 2018




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningsspråk

Engelsk. Emnet undervisast på norsk dersom berre norskspråklege studentar meldar seg til emnet.

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål å presentere dei grunnleggjande likningane og bruken av desse på forskjellige fenomen i geofysisk væskedynamikk. Viktige fagområde i atmosfæren og havet er presentert og studert ved bruk av teori og øvingar.

Innhald

Viktige emne er geostrofi og vind-driven Ekman-straum, samt gravitasjonsbølgjer i homogen og sjikta væske - med og utan Coriolis-effekt. Kvasi-geostrofi vil bli nytta til å studera planetære og topografiske Rossby-bølgjer, der barotrop - og baroklin ustabilitet er introdusert.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

- forstår dei grunnleggjande prinsippa i storskala rørsle på ein roterende planet

- forstår dei styrande likningane for ulike fenomen i geofysisk væskedynamikk

- forstår grunnlaget for bølgjer i atmosfæren og havet

- forstår det grunnleggjande for stasjonær rørsle i atmosfæren og havet

- forstår grunnprinsippa for barotrop- og baroklin ustabilitet

Ferdigheiter

Studenten

- kan skalere og forenkle likningane for løysing av grunnleggjande dynamiske problem

- kan formulere og løyse problem i eit geostrofisk rammeverk

- kan formulere og nytta bølgjeteori på overflate- og indre bølgjer

- kan formulere og nytta Ekman-teori for ymse tilfelle av vindpådrag

Generell kompetanse

Studenten

- kan diskutere dei grunnleggjande likningane i dynamisk meteorologi og oseanografi

- kan utleie, skalere og forenkle dei grunnleggjande likningane

- kan presentere og diskutere grunnleggjande emne i atmosfæren og havet

Krav til forkunnskapar

GEOF110 og MAT212

Studiepoengsreduksjon

GEOF320, GEOF326, GEOF330: 10sp

Krav til studierett

For oppstart på emnet, er det krav om ein studierett knytta til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av forelesingar og rekneøvingar

Forelesingar 2x2 timar per veke i 15 veker

Rekneøvingar: 2 timar per veke i 15 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking i grupper, der kvar gruppe presenterer løysingsforslag minst to gongar i semesteret.

Godkjent obligatorisk aktivitet og godkjent midtvegseksamen er gyldig i det aktuelle og påfølgande semester.

Vurderingsformer

Skriftlig midtvegseksamen, tel 20% av sluttkarakteren og er gyldig i to semester. Skriftleg eksamen på 5 timar, tel 80% og må vere bestått.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillate, i samsvar med modellar vist i fakultetet sine reglar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder@gfi.uib.no

Tlf 55 58 26 04