Emner: GEOF311 Turbulens i atmosfærens grenselag - Vår 2014




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset gjev ei innføring i turbulens og energifluksar i atmosfæren sitt grenselag. Målet er å gje studentane eit grunnlag for vidare studiar innan dette feltet, og tilstrekkeleg bakgrunn for å vurdere turbulente prosessar si tyding for andre problemstillingar innan meteorologi eller klima. Emnet dekkjer homogen turbulensteori med spektrale metodar, definering og måling av turbulente fluksar, og verknaden av sjikta i grenselag i atmosfæren. Ut frå dei grunnleggjande likningane for konservering og ved bruk av formålstenlege skaleringar og tilnærmingar, blir eit sett likningar for straum i grenselaget utvikla. Frå dette blir så prognostiske likningar for midlare storleikar og for kovariansar og variansar utleia. Basert på dette blir så budsjettlikningane for turbulent kinetisk energi utleia og dei ulike ledda blir diskuterte. Sentrale trekk ved ulike prosessar i atmosfæren sitt grenselag blir introdusert. Profilane, både av skalarar, som temperatur, fuktighet og ulike sporstoff, så vel som hastigheitar og dei turbulente fluksane i atmosfæren, blir skildra og diskutert for ulike pådrag. Problemet med turbulent lukking blir drøfta og dei mest kjende lokale og ikkje-lokale tilnærmingane blir introduserte. Det blir gitt ein kort oversikt over spesielle matematiske metodar, slik som FFT og Buckingham-Pi analyser i similaritets teorien. Det vil også bli gitt ei oversikt over ulike instrument og målemetodar, i tillegg til ei kort innføring i storskala kvervlingssimuleringar som ein reiskap i turbulens modellering.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- skildre og samanlikne dei sentrale eigenskapane til grenselaga i atmosfæren

- identifisere og skissere profilane til sporstoff og turbulente fluksar i grenselaget i atmosfæren under ulike pådrag

- skildre og diskutere dei ulike ledda i dei turbulente budsjettlikningane

- skissere eit idealisert energispekter og diskutere dei forskjellige delområda i spekteret

- forklare problemet med turbulent lukking og skissere ulike metodar for å løyse dette

- velja strategiar for instrumentering og prøvetaking for måling av turbulente fluksar i atmosfæren

- rekne ut og tolke viktige parametrar slik som fluksar og turbulent kinetisk energi frå eit datasett ved bruk av direkte og indirekte metodar

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

GEOF220, eller tilsvarande.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

2 førelesingar á 2+1 timar pr. veke

1 rekneøvingar á 1 timar pr. veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende oppgåver.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen. Dersom fleire enn 15 påmeldte kan det bli skriftleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

GEOF310: 5 ECTS 

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent på Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no

Institutt

Geofysisk institutt