Fulltid
Engelsk. Emnet undervisast på norsk dersom berre norskspråklege studentar meldar seg til emnet.
Mål:
Emnet vil gje grunnleggande kunnskap om småskala prosessar i det atmosfæriske grenselaget, med fokus på lokal skala og tilhøyrande grunnleggande moderne meteorologiske instrument og måleteknikkar.
Innhald
Emnet består av førelesingar innan ulike emne og dessutan ulike praktiske oppgåver. Studentane skal, gjennom praktiske oppgåver, øvast i alle ferdigheter som er kravd ved planlegging og gjennomføring av eksperimentelle feltarbeid, inkludert kalibrering av sensorar og handsaming og lagring av data. I teoridelen blir effekten av overflateeigenskaper og vegetasjon på overføring av energi og rørslemengde til grenselaget diskutert, med spesielt fokus på varmefluks i bakken og fordampingsprosessane. Ulike metodar til å bestemme dei turbulente fluksane av varme, fuktighet og rørslemengde blir introdusert og dei vil dessutan seinare bli nytta av studentane på datasett som er innsamla i ein feltkampanje som er ein del av emnet.
I dei praktiske oppgåvene vil studentane lære om kvalitetskontroll og kalibrering av ulike meteorologiske instrument og dessutan prosedyrar for planlegging, førebuing og gjennomføring av felteksperiment. Dei vil lære om oppsett og drift av ein moderne automatisk vêrstasjon og dei deltek også i gjennomføringa av ein kort feltkampanje der målingar av ulike meteorologiske parametrar i det atmosfæriske grenselaget blir utført. I denne delen av emnet har studentane ansvaret for å dokumentere aktiviteten, analysere resultata og skrive ein sluttrapport
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har god forståing av dei prosessane og parametrane som bestemmer overflata sin energibalanse på lokal skala og kva rolle dei har for innverknaden på det atmosfæriske grenselaget
- har oversikt over moderne målemetodar og instrumentering som blir nytta innan forskinga i det atmosfæriske grenselaget
- forstår kor viktig kalibrering av instrument og kvalitetskontroll,
-handsaming og lagring av måledata er i eksperimentell meteorologi
Ferdigheiter
Studenten
- kan diskutere kor viktige overflateeigenskaper og vegetasjon er for energibalansen ved overflata og dei tilsvarande utvekslingsprosessane i det atmosfæriske grenselaget
- kan nytte ulike metodar for berekning av fluksar av varme, fuktighet og rørslemengde i grenselaget
- kan nytte relevante omgrep knytt til fordamping og varmetransport i jord
- kan definere, planlegge og utføre eksperiment og feltarbeid i meteorologi, inkludert handsaming og lagring av måledata
- kan gjennomføre kalibreringar i laboratorium og evaluere nøyaktigheten til instrumenta ved samanlikningar i felt
- kan dokumentere kva som skjer i ein feltkampanje og analysere og rapportere resultata frå kampanjen
Generell kompetanse
Studenten
- kan vurdere kva rolle lokal-skala prosessar har for meteorologi og klima
- kan vurdere nytten av feltmålingar for moderne forsking innan grenselagsmeteorologi og forstå kor viktig rett kalibrering og kvalitetskontroll, handsaming og lagring av målte data er
Forelesningar innan aktuelle emne.
Om muleg, besøk til bedrifter som produserer meteorologiske instrument.
Førebuingar til feltkampanje, mellom anna med kvalitetskontroll og kalibrering av meteorologiske instrument. Planlegging og gjennomføring av feltkampanje med etterarbeid, som datahandsaming, diskusjon av resultat og skriving av felles rapport.
Bestått/Ikkje bestått
Studierettleiar kan kontaktast her:
studieveileder@gfi.uib.no
Tlf 55 58 26 04