Emner: GEOF326 Atmosfærens dynamikk - Vår 2014
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar
Undervisningssemester
Haust.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Likningane som styrer rørsla og tilstanden i atmosfæren vil bli gjennomgått og skalert for bruk på synoptiske vêrfenomen på midlare breiddegrader. Desse dannar utgangspunktet for kvasigeostrofisk teori som vert utleia og brukt til å studera bølgjer og synoptiske strukturar knytt til lågtrykk, høgtrykk og jettar. Når det gjeld bølgjer vert det i all hovudsak fokusert på stabilitet og utbreiing av Rossbybølgjer og barokline bølgjer. Det vert også gitt ei kort innføring i effekten av storskala topografi og det atmosfæriske energibudsjettet på midlare breiddegrader.
Læringsutbyte
Ved fullført emne GEOF326 skal studenten kunne:
- Definere og karakterisere synoptiske fenomen ut frå observasjonar av atmosfærerørsle
- Bruke matematiske metodar til analysere observasjonar av synoptiske fenomen
- Formulere problem i eit kvasigeostrofisk rammeverk og løyse dei ved hjelp av analytiske, eller enkle numeriske, metodar.
Krav til forkunnskapar
Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
2 førelesingar á 2 timar pr. veke
1 rekneøvingar á 2 timar pr. veke
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Regelmessig oppmøte på rekneøvingar med presentasjon av eigne løysingar.
Midtvegs eksamen, skriftleg. Denne må vere bestått for å få gå opp til slutteksamen.
Vurderingsformer
Skriftlig midtvegs- eksamen, tel 20 % av sluttkarakteren og må vere bestått. Munnleg eksamen, 45 minutt, tel 80 % og må vere bestått.
Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Ingen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
GEOF320:10sp
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no
Institutt
Geofysisk institutt