Emner: GEOF331 Tidevannsdynamikk - Vår 2014




Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei oversikt og djupare forståing av forskjellige aspekt av tidevassteori. Kurset omfattar utleiing av tidevasskrefter og -potensiale, harmonisk utleiing av tidevasspotensiale, likevektsteori, harmonisk analyse og tidevatnet som kraft. Som ein del av emnet vil studentane lese og presentere nokre vitskaplege artiklar som omhandlar utvalde moment av tidevassrelatert forsking.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- beskrive og drøfte dei underliggjande prinsippa for tidevasskraft, tidevassteori og harmonisk analyse

- bestemme og berekne havoverflateheving ved å bruke likevektsteorien

- tolke, diskutere og presentere eit utvald tema innan tidevassrelatert forsking

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

Munnleg eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no