Emner: GEOF337 Fysisk oseanografi i fjorder - Høst 2018
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Master/ph.d.
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Engelsk.
Undervisningssemester
Vår, emnet går kun om nok studentar melder seg
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål
Emnet vil gi studentane praktisk og teoretisk kjennskap til og forståing av sirkulasjonen, energiomsettinga, utvekslingsprosessane og responsen til ytre krefter i fjordar. Feltarbeidet i eit målretta tokt vil gi erfaring i å bruke passande oseanografisk utstyr, i å analysere og rapportere data og i å bruke teorien.
Innhald
Emnet skildrar hovudtrekka til sirkulasjonen, vassmassane, blandinga og energiomsetjinga i fjordar. Ei teoretisk innleiing i roterande hydraulikk i homogene og lagdelte væsker vert støtta av feltarbeid i ein fjord og av sentral vitskapleg litteratur om utvalde tema i fjordfysikk. Vi vil drøfte energirekneskap for estuarin sirkulasjon, utveksling av vatn mellom fjord og kyst, fornying av dei djupe vassmassane, verknaden av tronge sund på tidevatnet, vertikal diffusjon drive av indre bølgjer og hydrografien av utvalde viktige fjordar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
- Studenten
- kan greie ut om den vanlege lagdelinga og sirkulasjonen i fjordar
- forstår godt korleis ytre krefter styr fjordsirkulasjonen og kva prosessar som leier til blanding i fjordbasseng
- veit om metodane til å observera den fysiske oseanografien i fjordar
Ferdigheiter
- Studenten
- beherskar enkle fysiske konsept til å forklare blanding og sirkulasjon i fjordar
- kan analysere og presentere data frå observasjonar til å skildre den fysiske oseanografien til ein fjord
Generell kompetanse
Studenten
- forstår korleis den vertikale blandinga og sirkulasjonen i havet er knytt til vind og tidevatn
- kan nytte kunnskapen til korleis ein kan nyttiggjere energien i tidevatn og straumar og til korleis spreiinga skjer av ulike produkt frå fiskeoppdrettsanlegg og andre utsleppskjelder
- kan skrive og leggja fram ein vitskapleg rapport
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i klima-, atmosfære- og havfysikk (kalt Bachelor i meteorologi og oseanografi inntil høst 2017) eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
GEOF310 Turbulens i atmosfærens og havets grenselag, GEOF232 Praktisk meteorologi og oseanografi, og GEOF346 Tidevassdynamikk og havnivåvariasjonar eller GEOF331 Tidvassdynamikk, eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
GEOF332: 5 stp.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetethttp://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
2 førelesingar; 2+1 timar pr. veke
Feltarbeid, 5-8 døgn
Litteratur oppgåve: kvar student presenterer ein artikkel
Feltarbeid oppgåve: kvar student presenterer resultater frå tokt, og
bidrar til toktrapport.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
2 førelesingar; 2+1 timar pr. veke
Feltarbeid, 5 døgn
Kvar veke presenterer studentar artiklar og oppgåver
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Regelmessig deltaking på førelesningar. Deltaking på feltarbeid, innlevering og presentasjon av rapport. Presentasjon av ein tildelt vitskapleg artikkel. (Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)
Vurderingsformer
Munnleg eksamen
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
GEOF332: 5 sp.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
mailto:studieveileder@gfi.uib.nostudieveileder@gfi.uib.no.
Tlf 55 58 26 04
Institutt
Geofysisk institutt