Emner: GEOF345 Fjernmålingsteknikker i meteorologi og oseanografi - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet for kurset er at studentane skal få ei utdjupande forståing av korleis ulike fjernmålingsteknikkar blir brukt i meteorologi og oseanografi, då særleg med vekt på observasjonar frå satellittar.

Det blir gått gjennom korleis måling av elektromagnetisk stråling blir brukt til å bestemme overflatetemperatur og ein del meteorologiske storleikar i atmosfæren, og vind, bølgjer, straum og sjøis på havoverflata. Grunnleggande teori for slike kvantitative målingar blir behandla, med spesiell vekt på forståinga av samspelet mellom den elektromagnetiske strålinga og overflata og problem som oppstår ved transport av signala gjennom atmosfæren. Forutan å legge vekt på å få fram skilnaden mellom å måle overflateeigenskapar og profil i atmosfæren, blir det fokusert på ei forståing av kva for spektralområde som er nytta for å måle dei ulike meteorologiske og oseanografiske parametrane.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- diskutere ulike fjernmålingsteknikkar som blir brukt i meteorologi og oseanografi, og vise styrkane og avgrensingane til teknikkane

- identifisere problem som oppstår ved transport av elektromagnetisk stråling gjennom atmosfæren, og ha ei god forståing av vekselverknad mellom strålinga og overflata

- gi ei utgreiing om skilnaden mellom målingar av overflateeigenskapar og målingar av profil av ulike meteorologiske parametrar i atmosfæren

- identifisere og grunngje kva for spektralområdar som er nytta for å måle dei ulike meteorologiske og oseanografiske parametrane

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

GEOF220 og GEOF310

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

Munnleg eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalen A-F nytta.

Fagleg overlapp

GEOF333: 5sp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet, studierettleiar@gfi.uib.no.