Målet for emnet er å gje ei grunnleggjande innføring i geomikrobiologi. Emnet omhandlar hovudgrupper av mikroorganismar som er viktige for biogeokjemiske syklusar og korleis desse deltar i nedbrytning av mineral og bergartar og i utfelling og utforming av nye mineralavsetjingar. Sentrale analytiske metodar for påvisning og identifisering av mikroorganismar i geologisk materiale vert gjennomgått og demonstrert. Det vert lagt vekt på samanhengen mellom mikroorganismars metabolisme og geokjemiske prosessar. Mikrobielt liv i ekstreme miljø og i jordas tidlige historie, og implikasjonane dette har for astrobiologi er også omhandla.
.
Etter fullført emne GEOV344 skal studenten kunne
- gje ei oversikt over dei viktigaste mikrobielle metabolismane for biogeokjemiske syklusar
- forklare korleis dei mikrobielle prosessane fører til oppløysing av mineral og bergartar
- forklare korleis mikroorganismar fører til utfelling av nye mineral
- gje oversikt over dei viktigaste metodane for å påvise mikroorganismar i geologisk materiale
- gje ei oversikt over ulike typar spor etter liv i moderne og førhistorisk tid og forklare korleis desse kan ha betydning for astrobiologi
BIO113 og GEOV243
Studiekonsulent ved Institutt for geovitenskap, E-post: studiekonsulent@geo.uib.no