Emner: GLOB101 Examen facultatum - Global utvikling - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Undervisningssemester

Emnet er lagt ned. Siste undervisningstermin er høsten 2014.

 

Mål og innhald

Emnet er ei felles innføring for studentar som byrjar på bachelorprogrammet i utviklingsstudiar. Emnet skal gje studentane ei grunnleggjande oversikt over aktuelle tematikkar og forskingsmessige tilnærmingar til global endring og utviklingsproblematikk. Undervisninga gjev perspektiv og døme frå faga sosialantropologi, geografi, økonomi og statsvitskap, og er forankra i universitetet si pågåande forsking i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Stillehavsområdet. I studiet vert det lagt vekt på koplingar mellom faga for å forstå utviklingsrelaterte problemstillingar i samanliknande perspektiv.

Emnet er organisert som ein serie førelesingar av forskarar frå dei fire institutt som er involvert i programmet: administrasjons- og organisasjonsvitskap, geografi, sosialantropologi og økonomi, og presenterer desse faga sine tilnærmingar til mellom anna globalisering, fattigdom, bistand, ressursforvaltning, makt og konflikt. Utvalde tematiske og geografiske fokus vert i tillegg belyst gjennom gjesteførelesingar og dokumentarfilmar.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

-             Gjere greie for tema som gjeld globale utviklingsspørsmål.

-             Kjenne til dei viktigaste faglege debattane om utvikling og bistand

-             Greie ut om korleis dei fire disiplinane geografi, sosialantropologi, statsvitskap og økonomi vinklar studiet av global utvikling.

-             Reflektere over koplingane mellom større globale samanhengar og lokale utviklingsprosessar

-            Gjere greie for sentrale utviklingsomgrep og teoriar innanfor dei ulike fagdisiplinane.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, filmframsyning, seminar

2 timer per veke

15 veker

30 timer førelesning totalt

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

4 timar skuleeksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplige fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT100 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet.

Vurderingssemester

Emnet har siste undervisningstermin høst 2014. Eksamen tilbys tom. høsten 2015.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart undervisningssemester via Mi side.

Kontaktinformasjon

Institutt for sosialantropologi

Fosswinckelsgate 6

5007 Bergen

E-post: Studieveileder@sosantr.uib.no

Telefonnr: 55 58 92 50 / 55 58 94 51

Heimeside: http://www.uib.no/antro/