Emner: GRE101 Gresk elementærkurs - Vår 2024




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Undervisninga blir gitt i første halvdel av vårsemesteret (på heiltid)

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Mål

Studentane skal vere i stand til å lese og skjøne enkle greske tekstar med god grammatisk og leksikalsk innsikt.

Innhald

Emnet gjev ei elementær innføring i gresk språk gjennom grammatikkundervisning og lesing av normaliserte greske prosatekstar. Dessutan blir det gitt ei første innføring i gresk historie og kulturhistorie, med særleg vekt på den klassiske perioden.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten har grunnleggjande kjennskap til gresk språk og grammatikk.

Ferdigheiter

Kandidaten kan

Generell kompetanse

Kandidaten kan

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Engelsk frå vidaregåande skule.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (over elementarboka) og øvingar i praktisk språkmeistring.

Om lag 48 timar, 3 gonger i veka første halvdel av semesteret.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane fåinformasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen på 6 timar.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Vår. Det er òg moglegheit for vurdering tidleg hausten 2023. Frå og med våren 2024 vert eksamen berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med https://www.uib.no/node/116194rett til ny vurdering vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.

Litteraturliste

Pensum er ei elementarbok i gresk. I denne inngår gresk prosatekst, hovuddraga av den attiske grammatikken og ordlagingslæra. I pensum inngår dessutan ei framstelling av den greske historia og kulturhistoria.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for klassiske fag

Emneansvarleg

Fagmiljøet i klassiske fag

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar.lle@uib.no