Emner: GRE102 Gresk prosa og grammatikk - Høst 2024




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk, engelsk ved behov.

Undervisningssemester

Undervisninga blir gitt i første halvdel av vårsemesteret (på heiltid)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Gjennom lesing av eit utval lettare originaltekstar på klassisk attisk gresk (t.d. Xenofon) gir emnet sikrare kunnskapar i gammalgresk. Gresk formlæra og syntaks blir studert i samanheng av nærlesing av originalteksten med hjelp av grammatiske oversiktsverk.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har økt kjennskap til gresk språk og grammatikk.

Ferdigheiter

Kandidaten kan

Generell kompetanse

Kandidaten kan

Krav til forkunnskapar

GRE100 eller tilsvarande kompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ikkje relevant.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (over delar av pensumtekstane) og øvingar i praktisk språkbruk gjennom munnleg omsetjing frå gresk til norsk.

Omlag 42 timar, tre gonger i veka første halvdel i semesteret.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Skuleeksamen på 6 timar med ordbok.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Hjelpemiddel til eksamen

Ordbok. Ordboka skal vere frå gresk til morsmål eller frå gresk til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Berg, Græsk-dansk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Vår. For studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%25C3%25A5-eksamenrett til ny vurdering vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.

Litteraturliste

Pensum er eit utval greske originaltekstar med kommentar. Dessutan inngår hovuddraga av attisk formlære og syntaks, samt delar av ei framstelling av den greske litteraturhistoria.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for klassisk

Emneansvarleg

Fagmiljøet i klassiske fag

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar.lle@uib.no