Emner: GRE251 Gresk: Jonisk og etterklassisk prosa med bacheloroppgave - Høst 2024




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk, engelsk ved behov

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet omfattar lesing dels av prosatekst på jonisk dialekt frå den klassiske perioden (480-330 f. Kr., t. d. Herodot og Hippokrates), dels av tekstar frå etterklassisk tid (329 f.Kr. - ca. 400 e.Kr.). Kristne tekstar, frå Det nye testamente til kyrkjefedrane på 300-talet, kan inngå i studiet. Dessutan blir det gitt eit oversyn over historia til den greske litteraturen (med særleg vekt på dei forfattarane som blir lesne) og auka kjennskap til historie og kulturhistorie (særleg gjennom studium av kommentarar til dei tekstane som blir lesne).

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har

Ferdigheter

Kandidaten kan

Generell kompetanse

Kandidaten kan

Krav til forkunnskapar

Minimum eitt av emna: GRE101, GRE102, GRE103, GRE104

Tilrådde forkunnskapar

Avlagt eksamen i minst 3 av greskemna på 100-nivå.

Studiepoengsreduksjon

GRE251 overlappar med GRE201 (15 stp)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesningar over delar av pensumtekstane og andre moment i pensum, og praktiske øvingar i tekstkritikk.

26 timar (ein dobbelttime i veka).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk retteleiing knytt til bacheloroppgåva.

Obligtaorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Bacheloroppgåve på omlag 15 sider under obligatorisk rettleiing. I tillegg kjem munnleg eksamen. Munnleg blir gitt etter sensur på bacheloroppgåva og har justerande funksjon med inntil ein karakter opp eller ned.

Bacheloroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Vår. Det er òg vurdering tidleg hausten 2023 for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar. Frå og med våren 2024 vert eksamen berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%25C3%25A5-eksamenrett til ny vurdering vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.

Litteraturliste

Pensum er på til saman omlag 100 sider gresk prosatekst (30 liner = 1 side), minst 50 av desse skal lesast i kommenterte utgåver. Dessutan inngår oversiktlege framstellingar av overleveringshistorie og tekstkritikk, og relevante delar av meir avanserte framstellingar av gresk litteraturhistorie og språkhistorie.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for klassisk

Emneansvarleg

Fagmiljøet i klassiske fag

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar.lle@uib.no