Emner: HELSTA Statistikk i helsefaglig forskning - Høst 2018
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Engelsk
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Overordna mål:
Kurset skal gje ei innføring i grunnleggjande statistiske omgrep, prinsipp og metodar med bruk innan helsefaglig forsking.
Innhald:
-Metodar for å rapportere (skildre og oppsummere) ei samling av data gjennom tabellar, grafar og skildrande mål.
-Grunnleggjande fordelingar: Normalfordeling, binomisk fordeling
-Omgrep i statistisk inferens: Utval og populasjon, hypotese og hypotesetest, test-observator, signifikansnivå, p-verdi og konfidensintervall
- Finne statistisk styrke og utvalsstørrelse
Læringsutbyte
Kunnskap
Etter fullført emne kan studenten:
- Forstå dei viktigaste prinsippa ved bruk av kvantitative forskingsmetodar.
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten:
- gjere greie for vanlege deskriptive statistiske mål
- forstå føresetnader for generalisering av resultat og prinsippet for ein statistisk test
- bestemme kva for analyser og testar som bør brukast ved dei mest vanlege studiedesign
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten:
- syne kritisk refleksjon over metodebruk og metodologiske problemstillingar i skriftlege arbeid.
Krav til forkunnskapar
Fullført bachelorgrad eller tilsvarande
Studiepoengsreduksjon
Fullt overlapp med MEDSTA
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisinga er basert på 20 timer førelesningar
Ei mengd oppgåver blir utdelt i løpet av kurset. Studentane skal arbeide med desse i grupper. Arbeid i grupper vert assistert av kollokvieleiar. Totalt 6 timar gruppearbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjente gruppeoppgåver.
Vurderingsformer
Heimeeksamen 5 dagar
Karakterskala
bestått/ikkje bestått
Fagleg overlapp
MEDSTA, MEDSTAT1A og ODO-STAT1-B
Vurderingssemester
Haust
Emneevaluering
Munnleg evaluering med representantar frå studentgruppa
Programansvarleg
Emnet er felles for mange masterprogram ved Det medisinske fakultet.
Faggruppe for medisinsk statistikk er ansvarlig for kvaliteten i emnet.
Emneansvarleg
Trond Riise. http://www.uib.no/personer/Trond.Riise
Administrativt ansvarleg
Det medisinske fakultet v/ Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet.
Kontaktinformasjon
Institutt for global helse og samfunnsmedisin
e-post: mailto:studie@igs.uib.nostudie@igs.uib.no
tel: 55586100