Emner: HEMB110 Folkehelse og helsefremmende arbeid - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål: Emne skal gi studentane innføring i det tverrfaglege feltet helsefremjande arbeid. Helsefremjande arbeid inneber prosessen å sette den einskilde og nærmiljøet i stand til å ta vare på si eiga helse og legge tilrette for eit best mogleg liv. Det vil bli lagt vekt på å skape forståing for korleis åtferd, kultur og levekår verkar inn på sykdom og helse. Her er forståing av folkehelse og epidemiologi sentrale tema.

Innhald: Emnet er sett saman av to hovudtema:

1) Helsefremjande arbeid - ideologi og grunnleggjande omgrep

2) Folkehelse og epidemiologi

Som ein integrert del av desse tre emna vil informasjonskompetanse også vere sentralt, både som eit pedagogisk hjelpemiddel og som ei hjelp til problemløysing.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om:

- litteratursøk og kildekritikk gjennom opplæring i faget informasjonskompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Oppmelding til emnet krev studierett på bachelorprogrammet i folkehelse og helsefremjande arbeid.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet byggjer i hovudsak på problembasert læring (PBL) som undervisningsform. I tillegg vert det forlest nokre timar per veke, og det leggjast opp til munnlege presentasjonar av arbeidet i PBL gruppene .

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Føljande obligatoriske arbeidskrav må vere godkjend for å kunne framstille seg til endeleg vurdering:

  1. Aktiv deltaking i PBL, problembaset læring i basisgrupper.
  2. Deltaking på presentasjonsdagen for kvart tema.
  3. Deltaking på undervisning i informasjonskompetanse.

Vurderingsformer

Vurderingsordninga for emnet består av to delar:

1. Ein heimeeksamen som tel 2/3 av karakteren.

2. Ein 4 timars skuleeksamen som tel 1/3 av karakteren.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Fagleg overlapp

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no

Institutt

HEMIL-senteret