Emner: HEMB250 Historiske og kulturelle perspektiv på helse, bacheloroppgave - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Læringsmål

I emnet skal studenten analysera korleis relasjonen mellom det offentlege og det alternative vert uttrykt på helse- og sjukdomsfeltet. Det blir rådd til at ein konsentrerer arbeidet med bacheloroppgåva på anten det offentlege, profesjonelle feltet eller det folkelege, alternative.

Fagleg innhald

Strukturen i emnet er todelt. Den første delen tek opp offentleg helsepolitikk, medan den andre delen tek opp folkelege førestellingar av helse i eit kulturelt og historisk perspektiv. I den første delen vert det gjeve ei innføring i historia til den offentlege helsepolitikken og korleis slik politikk kan analyserast. Kva er grunngjevinga for bestemte trusseloppfatningar, kva har vore avgjerande for val av midlar og metodar, korleis har ulike delar vorte sett saman til ein meir heilskapleg offentleg helsepolitikk, og kva kan ein seie om resultata? I den andre delen vert det gjeve ein introduksjon til helsesystemet som eit kulturelt system. I helsesystemet finn ein både autorisert og ikkje-autorisert medisin. Innanfor det kulturelle perspektivet vert hovudvekta lagt på den folkelege tanke- og idéverda og dei førestellingane knytt til sjukdom og behandling som ein finn der. Den modellen av helsesystemet som vert presentert er ikkje bunden til tid og stad, og opnar difor opp for folkemedisin / alternativ medisinsk dokumentasjon både i eit historisk og eit notidsperspektiv.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne har studentane kunnskap om kvifor det offentlege har arbeidd med befolkninga si helse, korleis det offentlege har søkt å fremje helse og kva helsepolitikken har hatt å seie. Studentane har òg innsikt i det ikkje-autoriserte helsevesenet, og kvifor nokon vel alternative behandlingsformer.

Ferdigheiter

Studenten har fått trening i å innhenta eit kjeldemateriale, gjera eit avgrensingsarbeid, utvikla presise problemstillingar og å skriva ein lengre, sjølvstendig resonnerande tekst.  

Generell kompetanse

Studentane kan diskutera faglege tema med andre med bakgrunn innafor fagområdet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Instituttet rår til at ein har teke eksamen i KUVI 101, KUVI 102, samt to sjølvvalde kulturvitskapsemne før ein tek til på HEMB 250. Vidare rår ein til at bacheloroppgåva vert skriven i 5. eller 6. semester.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga blir gitt som forelesingar, seminar og rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal i arbeidsprosessen levera bacheloroppgåva i minimum to utkast til fastsette tidspunkt. Det første utkastet skal innehalda ei skisse av temaet, førebels disposisjon og kort utgreiing om relevant litteratur. Dette utkastet er basis for diskusjon mellom rettleiar og student.
Pensumlista skal godkjennast av faglærar og leverast saman med den endelege oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg bacheloroppgåve og ein justerande munnleg eksamen. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 5000 - 6000 ord (12-15 sider). Framstillinga skal vera dokumentert med tilvisingar til litteratur og kjelder.

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

HEMB111

Litteraturliste

Pensum er på 1200 - 1500 sider. Studenten leverer saman med bacheloroppgåva inn ei pensumliste der halvparten av litteraturen er henta frå pensumlista på HEMB111 og halvparten er sjølvvald. Lista skal vera godkjend av faglærar.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap