Emner: HIS111 Oversikt over USA historie - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studiet har som målsetting å gi ei samanfattande innføring til USAs historie frå den første europeiske busetnaden i 1607 fram til i dag. Studiet er ordna kring tre hovudtema. Det første, Demokrati og nasjonsbygging, dekkjer stillinga til dei tretten koloniane innanfor det britiske imperiet, kampen deira for sjølvstende opp til 1783, utviklinga av ein konstitusjon og ein føderativ stat, og konsolideringa av stat og nasjon fram til krisa som kulminerte med Borgarkrigen 1861-65. Temaet vert deretter strekt opp til den nære fortida på slutten av 1900-talet, med søkelys på politisk utvikling, sosiale endringar etter Andre verdskrigen, borgarrettsstriden og andre reformrørsler. Det andre hovudtemaet, Innvandring og industrialisering, startar med eit tilbakeblikk på Nord-Amerika i kolonitida, men er vesentleg oppteke av den oppsiktsvekkjande utviklinga i den amerikanske økonomien på 1800- og 1900-talet. Emne som jordbruk, infrastruktur, demografi, sosiale relasjonar, utdanning og vitskap er også med. Temaet vert avrunda med ei skildring av depresjonen og New Deal i 1930-åra. Det tredje og siste temaet, USA i verda, dekkjer 1900-talet og granskar USA som aktør på den globale skodeplassen. Deltakinga i dei to verdskrigane blir gjennomgått, og likeeins USAs rolle i internasjonale forhold i den lange kalde krig-perioden, og omdefineringa av denne rollen etter 1989. Hendingane blir betrakta både frå amerikansk og frå utanforståande hald. Til slutt blir det lagt spesiell vekt på den amerikanske innverknaden på verdsøkonomien.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Studenten skal ha gode kunnskapar om sentrale hendingar, institusjonar og prosessar i utviklinga av det amerikanske samfunnet. Studenten skal også ha grunnleggjande kunnskap om historiefagets metode.

Ferdigheiter:

Studenten skal vise evne til å drøfte historiske problemstillingar i amerikansk historie og trekke eigne konklusjonar.

Generell kompetanse:

Studenten skal visa evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (normalt 12 førelesingar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

6-timars skriftleg skuleeksamen.

 

Det vert også arrangert eksamen i semester utan undervisningstilbod (haust).

 

Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er omlag 1200 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.