Bachelornivå
Normalt undervises emnet på norsk.
Haust (emnet blir tilbydd kvar haust, såframt ressursane tillet det)
Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i aktuelle historiske tema i tida frå antikken og fram til ca. 1750. Instituttet tilbyr normalt undervisning i eitt eller fleire tema, avhengig av ressursar, og studentane vel eitt tema (per emne). Temaene kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking.
Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, i god tid før undervisningssemesteret.
Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie.
Kunnskapar:
Ved fullført emne skal studenten ha gode kunnskapar om og kjenne til sentrale teoriar og debattar innan det valde temaet. Studenten skal også kjenne til sentrale metodar og metodespørsmål knytt til historisk forsking.
Ferdigheiter:
Studenten skal vise evne til å drøfte historiske problemstillingar innan temaet, samt kritisk vurdere historiske framstillingar i forskingslitteraturen og i studentarbeid. Vidare skal studenten demonstrere ferdigheiter i å analysere historiske data formidla gjennom kjelder og litteratur, og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i fleire skriftlege arbeid.
Generell kompetanse:
Dei skriftlege arbeida skal vise evne til å argumentere og dokumentere akademisk. Gjennom å få og gi skriftlege tilbakemeldingar til medstudentar skal studenten demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon.
Gode kunnskapar i engelsk er viktig.
Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Vurderinga består av to deler: ei mappevurdering og skriftleg skoleeksamen.
Mappa består av tre arbeid, der arbeida normalt består av skriftlege oppgåver på 1500-2000 ord og skriftleg kommentarar til medstudentar sine oppgåver. Dei tre arbeida er av følgjande art, omfang og rekkjefølgje:
1. Arbeid: Rettleidd oppgåve innlevert i to versjonar, versjon 1 og revidert versjon etter skriftleg tilbakemelding og studentkommentar. Kommentering av oppgåver til medstudentar. Rettleiinga består av skriftleg kommentar til versjon 1 av oppgåva.
2. Arbeid: Rettleidd oppgåve innlevert i to versjonar, versjon 1 og revidert versjon etter skriftleg tilbakemelding og studentkommentar. Kommentering av oppgåver til medstudentar. Rettleiinga består av skriftleg kommentar til versjon 1 av oppgåva.
3. Arbeid: Ikkje-rettleidd oppgåve i ein versjon. Kort skriftleg tilbakemelding og ingen studentkommentering.
Studenten har høve til å levera inn reviderte versjonar av oppgåvene i dei to første arbeida. Det er ikkje høve til å revidere arbeid 3 etter innlevering. Oppgåvene skal ha tilvisingar til kjelder og litteratur og liste over den litteraturen som er nytta.
Innleveringsfristar for dei enkelte arbeida blir kunngjort på Mi side ved semesterstart.
Den skriftlege skuleeksamen er på to timar.
Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F. Dei tre arbeida i mappa har lik vekt ved karaktersetting. Mappa tel 75 prosent, og den 2-timars skuleeksamen tel 25 prosent av den samla karakteren.
Eksamensmappa må takast i eit undervisningssemester. Den skriftlege skuleeksamen bør takast i undervisningssemesteret, men studenten har høve til å ta den skriftlege skuleeksamen i det påfølgjande semesteret føreset av at mappeeksamen er bestått.
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er omlag 1200 sider.
Emnet vert evaluert jamleg.
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.
studierettleiar@ahkr.uib.no/
Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.