Emner: HIS116 Fordypning i nyere historie - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningsspråk

Normalt undervises emnet på norsk.

Undervisningssemester

Vår (emnet blir tilbydd kvar vår, såframt ressursane tillet det)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Når ressursane tillet det tilbyr instituttet undervisning i eitt eller fleire tema, og studentane vel eitt av dei (per emne). Studiet omfattar perioden frå ca. 1750 og fram til i dag. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, i god tid før kvart vårsemester. Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i det aktuelle tema. Dei skal læra seg å formidla historisk stoff best mogeleg, å nærma seg historiske problem på ein vitskapleg måte og å bruka historisk teori og metode i behandlinga av historiske spørsmål. Informasjon om semesterets tema finn du i litteraturlista.

 

Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Studenten skal ha god kunnskap innan det valde fordjupingsteamet. Studenten skal kjenne til synsmåtar, forklaringar og teoriar knytt til temaet. Studenten skal også ha god innsikt i sentrale kjelde- og metodespørsmål.

 

Ferdigheiter:

Studenten skal kunne problematisere, nytte relevant fagterminologi og drøfte historiske framstillingar innan temaet. Vidare skal studenten kunne vurdere og analysere litteratur/kjelder og kunne trekkje eigne konklusjonar på grunnlag av denne analysen.

 

Generell kompetanse:

Studenten skal visa evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga skjer i form av førelesingar (normalt 12 førelesningar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha godkjent obligatorisk skriftleg arbeid. Omfang, fristar og retningsliner for den obligatoriske aktiviteten blir gjort kjent ved opninga av studentweb.

 

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i éit semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

6-timars skriftleg skuleeksamen. Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F. Obligatoriske arbeidskrav må vera gyldige for å kunna møte til eksamen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.

 

Det vert også arrangert eksamen i semester utan undervisningstilbod (haust). Denne eksamen er bare open for studentar som har gyldige obligatoriske arbeidskrav i emnet.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er omlag 1200 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap