Emner: HIS203 Teorier, metoder og historiske kilder - Høst 2024
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Normalt vert emnet undervist på norsk.
Undervisningssemester
Vår.
Undervisninga går føre seg i første halvdel av semesteret (undervisningsblokk vår 1).
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Gjennom undervisning og arbeid med oppgåver lærer studenten å drøfte teoretiske og metodiske problem og sjølv å vurdere og bruke historiske kjelder.
Emnet er tilrettelagt for studentar som parallelt arbeider med ei bacheloroppgåve i historie, men kan også følgjast av studentar som ikkje skriv bacheloroppgåve.
Emnet er obligatorisk i ei ordinær historiespesialisering og for dei som vel spesialisering i Midtaustens historie.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kjennskap til kva plass teoriar har i historieforskinga, til ulike metodar, og til dei grunnleggande prinsippa for historisk kjeldekritikk
- er kjent med eit bredt utval av skriftlege kjelder frå fleire historiske periodar, og dei spesielle problema som er knytte til desse.
Ferdigheiter
Studenten
- demonstrerer teoretiske og metodiske ferdigheiter og evne til å bruke kjeldemateriale på ein både kritisk og konstruktiv måte for å svare på historiske problemstillingar
Generell kompetanse
Studenten
- kan nytta kjeldekritikk overalt i samfunnet der verdien av informasjon og representativitet i ei informasjonsmengd skal vurderast.
- har kjennskap til ulike metodar for å løyse problem og etablere ny kunnskap
- har ei systematisk trening på desse felta som vil kunne nyttast også utanfor historiestudiet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studenten bør ha gjennomført årsstudium i historie eller tilsvarande. Gode kunnskapar i engelsk er viktig.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gjeven i form av førelesingar og/eller seminar, normalt i eit omfang av om lag 25 undervisningstimar totalt.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere to oppgåver på inntil 1500 ord til fastsette fristar i løpet av semesteret. Oppgåvene må vere godkjende for at studentane skal kunne gå opp til eksamen. Godkjende obligatoriske oppgåver er gyldige i inneverande og i to påfølgjande semester. Studentane får samla tilbakemelding på den fyrste oppgåva, og individuell tilbakemelding på den andre oppgåva.
Vurderingsformer
3-dagars heimeeksamen på inntil 3000 ord. Eksamen vert halden ved utgangen av undervisningsblokk vår 1 (midt i vårsemesteret).
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår.
Det vert også arrangert eksamen i semester utan undervisningstilbod (haust). Denne eksamen er berre open for studentar som har gyldige obligatoriske undervisningsaktivitetar i emnet.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1000 sider. I tillegg kjem tekstar leverte ut i tilknyting til dei enkelte oppgåvene, maksimalt 200 sider.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
studierettleiar@ahkr.uib.no
Tlf 555 82300