Målet er å gjere studenten i stand til å skrive historiske framstillingar, ikkje aleine på grunnlag av forskingslitteratur, men også på grunnlag av forskjellige kjelder. Emnet vil gje studenten reiskap til å arbeide sjølvstendig og kritisk med kjelder på ein kvalifisert måte, ha forståing for ulike sjangrar og dei spesielle problema som knyter seg til desse. Studenten blir dermed i stand til å stille seg kritisk til historisk forskingslitteratur.
Gjennom skriving av to oppgåver lærer studenten å presentere kjelder, gjere greie for metodiske problem knytt til desse og vurdere utsegnskrafta til kjeldene.
Emnet vil gje studenten det naudsynte metodiske grunnlaget for HIS250 Bacheloroppgåva og for vidare studium på masternivå. Det er difor tilrådeleg at emnet vert tatt som del av spesialiseringa.
Kunnskapar
Studenten skal ha kjennskap til dei grunnleggande prinsippa for historisk kjeldekritikk og metode. Studenten skal også vere kjent med eit bredt utval av skriftlege kjelder frå fleire historiske periodar, og dei spesielle problema som er knytte til desse.
Ferdigheiter
Studenten kan demonstrere evne til å bruke kjeldemateriale på ein kritisk måte for å svare på historiske problemstillingar, både med omsyn til kjeldene sin verdi, avgrensingar og moglegheiter.
Generell kompetanse
Kjeldekritikk er noko som vert nytta overalt i samfunnet der verdien av informasjon og representativiteten i ei informasjonsmengde skal vurderast. Ei systematisk trening i dette vil såleis kunne ha stor verdi også utanfor historiestudiet.
Eksamen består av to vurderingsdeler, ei rettleidd oppgåve og ei ikkje-rettleidd oppgåve.
Studentane skal skrive to oppgåver, kvar på 2000-3000 ord. Den eine oppgåva skal leverast i midten av semesteret og den andre i slutten av semesteret, til opplyste fristar.
Studentane vil få ein kort rettleiande kommentar på den første oppgåva, og kan levera ei revidert oppgåve på bakgrunn av tilbakemeldinga. Versjon 1 av første oppgåva, skal vere ei fullverdig oppgåve.
Den andre oppgåva skal berre leverast ein gong, og det vert ikkje gitt rettleiande kommentar på denne oppgåva.
Oppgåvene skal leverast elektronisk på Mi side.
Det blir gitt ein samla karakter, der oppgåvene vert vekta likt. Begge oppgåvene må vere leverte og beståtte i eitt og same undervisningssemester.