Emner: HIS301 Historisk forskningslitteratur - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningsspråk

Emnet vert normalt undervist på norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir studentane ei innføring og orientering i eit forskingsfelt i historiefaget som kan vere relevant for ei masteroppgåve. Emnet tek sikte på å gi eit godt startgrunnlag for arbeidet med ei masteroppgåve gjennom kritisk analyse og diskusjon av sentral litteratur innafor eit forskingsfelt. Studentane skal skrive ei oppgåve. Val av tema for oppgåva skjer i samråd med rettleiar. Studentane skal òg lære seg munnleg presentasjon og diskusjon av fagstoffet.

 

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har grunnleggjande kunnskapar innan eit tematisk avgrensa forskingsfelt og oversikt over den viktigaste litteraturen. Studenten kjenner til dei mest sentrale synspunkta, teoriane og metodane innan feltet.

Ferdigheiter

Studenten kan formulere problemstillingar og finne fram til relevant forskingslitteratur i tilknyting til desse. Studenten kan sjølvstendig analysere grunnlaget for dei forskjellige synspunkta, teoriane og metodane i denne forskingslitteraturen.

Generell kompetanse

Gjennom det skriftlege arbeidet har studenten demonstrert evne til å analysere og dokumentere vitskapleg. Studenten har evne til å presentere faglege problemstillingar munnleg og i diskusjonar med faglærarar og medstudentar.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar som er tekne opp på mastergradsstudiet i historie ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga skjer i masterseminar. Instituttet tilbyr ulike masterseminar inndelt i tema/periodar. Studenten vel relevant masterseminar i samråd med rettleiar. Studenten deltar aktivt med å leggja fram og diskutera oppgåvetekstar i seminaret.http://www.uib.no/fag/historie/25365/masterseminar-i-historieTrykk her for informasjon om masterseminarene

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Studentane skal skriva ei oppgåve på 5500-7500 ord. Oppgåva skal leverast elektronisk.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk

Litteraturliste

Studentane må velje ut eit pensum på om lag 1200 sider i samråd med rettleiar.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap