Emner: HIS301L Historisk forskningslitteratur (lektorprogrammet) - Vår 2024
Studiepoeng
15.0Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet gir studentane ei innføring og orientering i eit forskingsfelt i historiefaget som kan vere relevant for ei masteroppgåve. Emnet tek sikte på å gi eit godt startgrunnlag for arbeidet med ei masteroppgåve gjennom kritisk analyse og diskusjon av sentral litteratur innafor eit forskingsfelt. Studentane skal skrive ei oppgåve. Val av tema for oppgåva skjer i samråd med rettleiar. Studentane skal òg lære seg munnleg presentasjon og diskusjon av fagstoffet. Undervisninga er organisert i masterseminar inndelt etter hovudtema og historiske periodar.
Her finn du meir informasjon om https://www.uib.no/fag/historie/25365/masterseminar-i-historiemasterseminara.
Læringsutbyte
Studenten har ved avslutta emne oppnådd følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har grunnleggjande kunnskapar innan eit tematisk avgrensa forskingsfelt og oversikt over den viktigaste litteraturen.
- kjenner til dei mest sentrale synspunkta, teoriane og metodane innan feltet.
Ferdigheiter
Studenten
- kan formulere problemstillingar og finne fram til relevant forskingslitteratur i tilknyting til desse.
- kan sjølvstendig analysere grunnlaget for dei forskjellige synspunkta, teoriane og metodane i denne forskingslitteraturen.
Generell kompetanse
Studenten
- demonstrerer evne til å analysere og dokumentere vitskapleg gjennom det skriftlege arbeidet.
- har evne til å presentere faglege problemstillingar munnleg og i diskusjonar med faglærarar og medstudentar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Fullt fagleg overlapp med HIS301
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på lektorprogrammet med historie som fag 1.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer i masterseminar. Instituttet tilbyr ulike https://www.uib.no/fag/historie/25365/masterseminar-i-historiemasterseminar inndelt i tema/periodar. Studenten vel relevant masterseminar i samråd med rettleiar. Studenten deltar aktivt med å leggja fram og diskutera oppgåvetekstar i seminaret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Studentane skal skriva ei oppgåve på om lag 6000 ord.
Oppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Studentane må velje ut eit pensum på om lag 1200 sider i samråd med rettleiar.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert jamleg.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Kontaktinformasjon
studierettleiar@ahkr.uib.no