Emner: HIS302 Historiografi - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningsspråk

Emnet vert normalt undervist på norsk

Undervisningssemester

Det blir undervist i emnet kvart haustsemester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Undervisninga har som mål å lære studenten om historieskrivingens og historiefagets historisitet. Gjennom å diskutere historia til historieskrivinga frå dei eldste tider til i dag, vil studenten få innblikk i ei rekkje forståingar av- og tilnærmingar til historie. Historie og historieskrivingas funksjonar vil også bli diskuterte. Ikkje minst vil undervisninga ha som mål å formidle eit globalt perspektiv på historie og historieskriving, i tillegg til det europeiske og det norske/skandinaviske. I denne samanhengen skal studenten også få ei innføring i ulike analysenivå, slik som det lokale, det regionale, det nasjonale og det transnasjonale/ globale.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten kjenner til hovudlinjer i korleis historieskriving og historiefaget har endra seg både internasjonalt og i Noreg. Studenten har kunnskap om ulike forståingar av historie og historieskriving, og dessutan også diskusjonar om ulike analysenivå i historiske og historiografiske tilnærmingar.

Ferdigheiter

Studenten kan plassere historiske arbeid i ein historisk og historiografisk kontekst, relatere seg til eit utval av forståingar av historie og historieskriving, og dessutan ha oversikt over historiske og historiografiske analysenivå.

Generell kompetanse

Studenten har kompetanse i korleis historiefaget har blitt forstått og praktisert. Studenten er i stand til å kontekstualisere og historisere både fortida og forsking om fortida, og til å vurdere spørsmål om analysenivå.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar som er tekne opp til eit mastergradsstudium ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen består av ein 6-timars skuleeksamen på slutten av semesteret.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister på om lag 1200 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap