Emner: HIS302 Historiografi - Vår 2014




Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningsspråk

Emnet vert normalt undervist på norsk

Undervisningssemester

Det blir undervist i emnet kvart haustsemester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Undervisninga har tre mål: Studenten skal lære historiefagets historisitet å kjenna, gjennom å studere kva samfunnsforståing, teoriar og metodar som i ulike fasar har prega historieforskinga. Studenten skal få ei innføring i sentrale teoriar om samfunnet og korleis det forandrar seg, med stor vekt på å diskutere forholdet mellom strukturar og aktørar, økonomi og kultur og ulike former for forklaringar. Studenten skal lære seg nokre av dei mest sentrale historiske metodane, og dei skal kunne bruke eit variert utval av kjeldemateriale frå ulike historiske periodar.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten kjenner til hovudlinjer i korleis historiefaget har endra seg både internasjonalt og i Noreg. Studenten har kunnskap om kva skiftande tilhøve fag og samfunn har stått i til kvarandre, og korleis ulike teoretiske og metodiske tilnærmingar i ulike periodar har prega faget og diskusjonar om faget.

Ferdigheiter

Studenten kan plassere historiske arbeid i ein historiografisk og historisk kontekst, relatere seg til eit utval teoriar om samfunnsmessig endring, og meistrar eit utval av metodiske tilnærmingar til studiet av fortida.

Generell kompetanse

Studenten har kompetanse i korleis historiefaget har blitt forstått og praktisert. Studenten er i stand til å kontekstualisere og historisere både fortida og forsking om fortida, til teoretisk refleksjon, og til å vurdere tilhøvet mellom spørsmål og val av metode.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar som er tekne opp til eit mastergradsstudium ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen består av ein 6-timars skuleeksamen på slutten av semesteret.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister på om lag 1200 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap