Emner: HIS303 Historie: Forskningsproblem og kildearbeid - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningsspråk

Normalt vert emnet undervist på norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studentane skal lære å formulere historiske problem og klargjere kva litteratur og kjelder som kan nyttast til å løyse problemet. Metodiske problem knytte til bruken av ymse kjeldetypar høyrer med til emnet.

I dette emnet lærer studenten korleis dei skal førebu ei forskingsoppgåve med særleg vekt på problemformulering, avgrensing og kjeldekunnskap.

Studentane skriv ei oppgåve. Oppgåva vil kunne innehalde avgrensing av tema, problemformulering og drøfting av kva litteratur og kjelder som vil vera relevante for testing av hypotesar som er avleidde av problemformuleringa, gi konkrete døme på slike kjelder, drøfte problem knytt til bruken av dei og gjerne også døme på analyse.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten djupare innsikt i historisk metode knytt til bruken av ulike kjeldetypar innan eit historisk tema.

Ferdigheiter

Studenten kan utvikle og formulere historiske problemstillingar innan eit avgrensa tema. Studenten er i stand til å klargjere og avgrense kva litteratur og kjelder som kan nyttast til å løyse problemet. Vidare kan studenten analysere forskingslitteratur/kjelder sjølvstendig og trekkje eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid.

Generell kompetanse

Studenten har grunnleggande kompetanse i å kartlegge og vurdere kjeldemateriale for historisk forsking og formulering av eit sjølvstendig forskingsprosjekt innan ei avgrensa tidsramme. Dei skriftlege arbeida har vist sjølvstendige evner til å analysere, syntetisere og dokumentere vitskaplege framstillingar.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar som er tekne opp på mastergradsstudiet i historie.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studenten får rettleiing i arbeidet med oppgåva. Undervisninga skjer i masterseminar og studenten vil kunne leggja fram utkast til diskusjon i masterseminaret ein tilhøyrer.

Undervisninga vil elles vere organisert slik at det vil vere praktisk mogleg for ein student å arbeida med kjelder andre stader enn i Bergen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Studentane skriv ei oppgåve på 5500 - 7500 ord. Oppgåva skal leverast elektronisk. Studenten skal òg framstille seg til ei munnleg prøve. Den munnlege prøva justerer karakteren på oppgåva, som maksimalt kan endrast med ein bokstavkarakter.

Karakterskala

Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Studentane vel sjølve ut relevante læremiddel i samråd med rettleiar.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap