Emner: HIS304 Teknikker i historiefaget - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningsspråk

Normalt vert emnet undervist på norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studentane skal lære praktiske redskap og/eller hjelpevitskapar som er relevante for ferdigstillinga av ei masteroppgåve. Studiet er bygd opp kring ulike teknikkar som er aktuelle for studentar som arbeider med historie på mastergradsnivå. Instituttet vil vere fleksibelt med omsyn til kva ein kan la gå inn i emnet, og undervisninga vil i ein viss grad vere tilpassa det studentane til ei kvar tid treng.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført emne har studenten grunnleggjande kunnskapar innan teknikken som er valt.

Ferdigheiter:

Studenten kan bruke teknikken sjølvstendig i eige arbeid, og kan vurdere metoden og teknikken kritisk.

Generell kompetanse:

Studenten har evne til å setja seg inn i relevant litteratur og bruke denne innsikta på ein praktisk-metodisk måte.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar som er tekne opp til eit mastergradsstudium ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Instituttet vil tilpasse undervisninga etter kor mange studentar som melder seg. Ein legg opp til stor grad av sjølvstudium frå studentane. Instituttet vil utvise stor grad av fleksibilitet overfor studentar som tek relevante kurs ved andre lærestader eller institutt, særleg dersom instituttet ikkje sjølv kan tilby undervisning i ein relevant teknikk.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal levere inn ei øvingsoppgåve som må vere godkjent før dei kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Studentane skal framstille seg til ein munnleg prøve.

Karakterskala

Ved fastsetjing av karakteren vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider retningsliner for val av pensum.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap