Emner: HIS308 Historieformidling - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Gjennom studiet vil studentane få betre kjennskap til ulike formidlingsformer i historie, og aktuelle problemstillingar som reiser seg i møtet mellom historie som forskingsfag og samfunnets behov og forståingshorisont.

Studentane skal tileigne seg teoretisk kunnskap knytt til samfunnets historiebruk, samt øve opp praktiske ferdigheiter i historieformidling.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studentane kjenner til relevante teoretiske tilnærmingar til historieformidling som fenomen, og kva utfordringar ein som historikar står overfor når det gjeld å formidle ein fagleg bodskap til eit breiare publikum. Dei kjenner til ulike formidlingsformer i historie, og dei spesifikke utfordringar desse står overfor.

 

Ferdigheiter

Studentane er i stand til å vurdere og analysere ulike former for historieformidling ut frå ein teoretisk ståstad, og er også i stand til å kunne utvikle og kritisk reflektere rundt eigen historieformidling.

 

Generell kompetanse

Studentane har kompetanse på å vurdere og analysere ulike former for historieformidling, og å sjølv formidle eit faglig tema til eit breiare publikum.

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar som er tatt opp til mastergradsstudium i historie ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt som førelesningar, seminar og besøk ved ulike verksemder som driv med historieformidling.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Inntil to seminarframlegg.

Vurderingsformer

Mappevurdering med justerande munnleg eksamen.

Mappa skal innehalde tre tekstar som vert vekta likt. To av tekstane skal formidle eit historiefaglig tema til eit breiare publikum. Sjangrar kan være ein populærhistorisk artikkel, ein aviskronikk, eit intervju, ein leksikonartikkel eller ein læreboktekst. I særlige tilhøve kan andre sjangrar nyttast etter avtale med faglærar. Tekstane må være av ulik sjanger, og minst ein av dei må ha eit tema knytt til studentens masteroppgåve. Det må klart gå fram i kva samanheng tekstane er tenkt publisert. Tekstane skal ikkje overlappe kvarandre tematisk.

 

Den tredje teksten skal være ein analyse av ein case kor historie vert formidla, f.eks. eit minnesmerke, ei museumsutstilling, ein film/tv-serie eller ei bokutgjeving. Analysen skal bygge på relevante perspektiv frå pensum, og ha eit omfang på minst 1500 ord. Val av case foretas i samråd med faglærer.

 

Totalt skal mappa ha eit omfang på 4000-5000 ord, og gis ein samla karakter.

Mappa følgjes opp av en munnleg individuell eksamen på 20 min. der mappetekstane vert diskuterte. Munnleg eksamen kan justere karakteren med maksimalt ein karakter. Mappa må være stått for å kunne gå opp til munnleg eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister på om lag 600 sider. I tillegg utarbeider studentane eit sjølvvalt pensum på om lag 600 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap