Emner: HIS309 Historikerens arbeidsmåter - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gi studentane eit praktisk og analytisk grunnlag for arbeidet med ei masteroppgåve. Dette vil bli gjort ved å etablere ein kritisk haldning til metodar, tilnærmingar og arbeidsmåtar innan historisk forsking.

Emnet har tre hovudkomponentar: A) Arkivkunnskap og informasjonskompetanse, B) Kjelde og metode C) arbeidsmåtar i historiefaget.

Under arbeidsmåtar i historiefaget skal studenten kunne meistre ulike analysemåtar, så som kvalitative (tolking av tekst), kvantitative, komparative metodar og metodar for ikkje-tekstlege kjeldetypar.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Studentane kjenner til prinsippa for arkivdanning og -organisering, for attfinning og informasjonssøk i arkiv og digitale ressursar.

Studentane har innsikt i kjeldekritikk og metode, sentrale hjelpevitskapar og ulike analysemåtar nytta i historiefaget. Studenten kjenner til problem som er knytt til ulike tilnærmingar.

Ferdigheiter:

Studenten kan nytte eigna verktøy for å hente fram informasjon og dessutan bruke ulike tilnærmingar for å analysere eit historisk kjeldemateriale.

Studenten meistrar ulike analysemetodar opp mot forskjellige problemstilling så vel som typar av kjeldemateriale.

 

Generell kompetanse:

Studenten har kompetanse i å vurdere og rangere informasjonskjelder for historisk arbeid og dessutan evne til å kritisk vurdere metodebruk og arbeidsmåtar i forsking og framstillingar.

Tilrådde forkunnskapar

HIS203 eller tilsvarande emne i kjelde og kjeldekunnskap.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar som er tekne opp til eit mastergradsstudium ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga består av kring 12-14 dobbelttimar i forma av praktiske innføringar, forelesingar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppgåve i delkomponent A) Arkivkunnskap og informasjonskompetanse

Vurderingsformer

Individuell heimeeksamen og ei justerande munnleg prøve. Heimeeksamen vil vere ei praktisk oppgåve i kjelde- eller analysearbeid.

Oppgåva kan vere i omfang på opptil ca. 4000 ord og vil bli gitt i slutten av semesteret med 14 dagars innleveringsfrist.

Den munnlege prøva kan justere karakteren på heimeeksamen opp eller ned med ein karakter.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

HIS304 - Tema: Dokumentasjonsanalyse

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister på om lag 1200 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.