Emner: HUIMM308 Advanced Course in Flow Cytometry - Høst 2014




Studiepoeng

5.0

Studienivå (studiesyklus)

Master studenter, PhD kandidater.

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Klinisk institutt 2, lab.bygg 5. et.

Mål og innhald

Føremål: Deltakarane skal oppnå ei djupare forståing for flow cytometri som metode og kjenneteikn ved fluorokromar. Dei skal tileigne seg praktisk erfaring i toppmoderne teknologi og protokollar, og øve seg på å bruke flow cytometer webverkty og programvare, og på å tolke data frå flow cytometri.
Det vil bli gitt seminar der bruksområda/programma som nyttast under den praktiske delen av kurset vil bli lagt fram av kursleiarane.
Innhald:
Teoretisk del:

 

Praktisk del: Praktiske øvingar med dei lokale flow cytometra

Cellesignaleringseksperiment med cytokin

Læringsutbyte

Kunnskapar

Deltakarane skal ved kursslutt

- vere kjende med relevante poeng ved bruk av flow cytometri som forskingsmetode

- evaluere og validere eigne flow-data

 

Ferdigheiter

Deltakarane skal ved kursslutt kunne

- gjennomføre farging av både intracellulære og overflatemarkørar

- bruke kunnskap om tilgjengelege flow cytometer og fluorokromar til å planlegge og rigge eit eksperiment

- analysere og presentere data generert ved flow cytometri

 

Generell kompetanse

Deltakarane skal ved kursslutt

- kunne planlegge og utføre fleirfargeeksperiment

- kunne presentere data på ein vitskapleg måte

- vere kjent med fordelar og avgrensingar ved flow cytometri når det gjeld instrumentering og fluorokromar

Krav til forkunnskapar

Grunnleggande kunnskapar i flow cytometri (HUIMM3xx eller tilsvarande), immunologi (HUIMM303 eller tilsvarande) og intracellulære signalering (BMED303 eller tilsvarande)

Tilrådde forkunnskapar

Biologi eller molekylærbiologi på bachelornivå. Erfaring med elementære laboratorieteknikkar slik som pipettering og sentrifugering, og grunnleggande kunnskapar i flow cytometri og immunologi og korleis cella signaliserer intracellulært.

Grunnleggende kunnskap i flowcytometri, immunologi og intracellulær signalering.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

21 x 1 times førelesing/seminar, 19 x 1 time praktisk opplæring

Vurderingsformer

Skriftlig lab rapport (sammensatt av introduksjon, Materialer og metoder, Resultater, diskusjon).
Må godkjennes av kursleder.

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått.

Emneevaluering

Via Mi Side.

Kontaktinformasjon

Marianne Enger 55974660, E-mail: Marianne.Enger@k2.uib.no

Silke Appel 559 74633, E-mail: Silke.Appel@k2.uib.no

studie@kliniskmedisin.uib.no eller Elin.Heggernes@k2.uib.no