Emner: INF102 Algoritmer, datastrukturer og programmering - Høst 2014
Studiepoeng
10.0Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust (Fargekode: grønn)
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Kurset gir ei innføring i grunnleggjande algoritmar, som sortering og kortaste sti. Sentralt står bruken av datastrukturar i dei studerte algoritmane, i tillegg til analyse av tids- og plassforbruket. Praktisk programmering er ein viktig del av kurset.
Læringsutbyte
Ved fullført emne INF102 skal studenten kunne:
- forstå og programmere dei klassiske algoritmane for dei mest grunnleggjande problem innan informatikk
- programmere og bruke ulike datastrukturar, og vere i stand til å avgjere kva datastrukturar som egnar seg til kva problem og algoritmar.
- vere i stand til å kjenne igjen nye problem som egnar seg til å verte løysa med dei metodane ein har lært på kurset, og å utlede nye algoritmar for likande problem
- analysere køyretida til algoritmar og vere i stand til å vurdere om ei algoritme er effektiv eller ikkje
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Byggjer på INF101 og MNF130
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjente obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli munnleg eksamen.
Både de obligatoriske arbeidskrava og eksamen må vere bestått for å få godkjent eksamen i emnet.
Ingen lovlege hjelpemiddel.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
I120: 10stp
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.