Emner: INF144 Informasjonsteori - Vår 2018
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor.
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk.
Undervisningssemester
Vår.
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
Kva er informasjon? Emnet handlar om mål for informasjonsinnhald av digitale symbol og symbolsekvensar. Med utgangspunkt i Shannons informasjonsteori blir det gitt ei innføring i grunnlaget for datakompresjon, feilkorrigerande koder og kryptografi. Ein tek óg opp bruk av informasjonsteori i datanett .
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten skal kunne:
- Gjere greie for omgrepa entropi og gjensidig informasjon.
- Forstå korleis informasjon kan representarast på ein måte som er effektiv for bruken.
- Gjere greie for bruk av informasjonsteori i fleirbrukarkanalar, i kringkastingskanalar og i generelle nettverk.
- Forklare informasjonsteoretiske aspekt ved datatryggleik.
Ferdigheiter
Studenten skal kunne:
- Bestemme kanalkapasitet for ein diskret-inndata minnelaus punkt-til-punkt kanal med gjevne parametrar.
- Implementere algoritmar for kjeldekoding av enkle kjeldar og kjeldar med minne.
Generell kompetanse
Studenten
- har ei god forståing for fagområdet informasjonsteori.
Krav til forkunnskapar
INF100 eller tilsvarande.
MAT111/MAT101 eller tilsvarande.
MNF130 eller tilsvarande (kan lesast parallelt).
Tilrådde forkunnskapar
Elementære kunnskapar i statistikk og kombinatorikk.
Studiepoengsreduksjon
I144: 10 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar: 4 timar pr. veke, 13 veker.
Oppgåveløysing: 2 timar pr. veke, 13 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk praktiske oppgåver, mellom anna i programmering. Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester: Det semesteret aktiviteten godkjennast samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Det er høve til å gje karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli munnleg eksamen.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.nomailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar
Tlf 55 58 42 00
Institutt
Informatikk.