Emner: INF207 Sosial nettverksteori - Høst 2018




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk. Emnet undervisast på engelsk dersom engelskspråklege studentar meldar seg til emnet.

Undervisningssemester

Haust. I oddetallsår nytter du koden INFO207 for oppmelding til emnet.

Mål og innhald

Mål:
Emnet gjev eit oversyn over korleis teoretiske rammeverk frå ulike fagområde kan nyttast til å modellere og analysere komplekse sosiale nettverk. Sosial nettverksteori hjelper oss å forstå strukturen i ulike sosiale nettverk, korleis dei utviklar seg, korleis kommunikasjon i sosiale nettverk går føre seg, og korleis nettverk dannar grunnlag for samhandling. Nettverksomgrepet er sentralt i mange fag, blant anna økonomi, sosiologi, informatikk, informasjonsvitskap og matematikk. Ei tverrfagleg tilnærming til sosiale nettverk gjev moglegheit for å analysere fellestrekk ved tilsynelatande ulike fenomen, frå korleis informasjon, meiningar og oppførsel spreiar seg i elektroniske sosiale nettverk til korleis epidemiar og finansielle kriser utviklar seg til korleis søkjemaskinar nyttar lenkene mellom nettsidar for rangering av sider i eit nettsøk. Dei store datamengdene i applikasjonane i dag gjer at effektive algoritmar må nyttast.

Emnet vert undervist i samarbeid mellom Institutt for informasjons- og medievitskap og Institutt for informatikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

 

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

http://www.uib.no/emne/INFO102http://www.uib.no/emne/INFO102

http://www.uib.no/emne/INFO102INFO102 eller http://www.uib.no/emne/MNF130MNF130 eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

INFO207: 10 SP

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

To dobbeltforelesingar og to timar gruppearbeid per veke.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet vil ha obligatoriske innleveringar. Innleveringane er gyldige i to semester: Det semesteret dei er godkjente og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan foregå digitalt (på datamaskin). Du finn meir informasjon på: https://www.uib.no/digitaleksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Min side, kontakt ev. mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar på instituttet.