Norsk. Emnet undervisast på engelsk dersom engelskspråklege studentar meldar seg til emnet.
Undervisningssemester
Ikkje regelmessig. Avhenger av tilgangen på prosjekt.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål: Eit prosjektarbeid blir spesifisert og skal gjennomførast i samråd med ein rettleiar ved instituttet. Typiske prosjektoppgåver er innan programmering, men det kan óg bli gjeve prosjekt innafor litteraturstudium, modellering, mm. Merk at det er avgrensa tal på oppgåver. Aktuelle prosjekt vil bli gjort kjente for studentane på Mitt UiB. Førespurnadar om ledige prosjekt kan óg rettast til mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar ved Institutt for informatikk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:
Kunnskapar Studenten kan
delta i prosjektarbeid i informatikk, t.d. eit programmeringsprosjekt,
bidra til dokumentasjon av eit prosjektarbeid skriftleg i form av ein teknisk rapport,
gje ein munnleg presentasjon av eit prosjektarbeid studenten har deltatt på.
Ferdigheiter
Tileigna ferdigheiter vil avhenge av temaet studenten har arbeidd med.
Krav til forkunnskapar
Minimum 60 studiepoeng i informatikk
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Avhenger av prosjektet
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Skriftleg rapport og munnleg presentasjon av arbeidet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Bestått/Ikkje bestått
Vurderingssemester
Same som prosjektet vert tildelt.
Litteraturliste
Avhenger av prosjektet.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.