Mål
Kurset gjev ein praktisk og teoretisk innføring i semantikken (meininga) til programmeringsspråk,samt ei innføring i ein rekkje viktige konstrukt og abstraksjonar som blir brukt i noverande programmeringsspråk. Målet med kurset (indirekte) er at ein betre forståing for programmeringsspråk vil føre til at studentane kjem til å lage program av høgare kvalitet, samt at dei vil programmere på ein meir produktiv måte. Kurset gjev o¿g studentane grunnleggjande dugleik innan design og implementering av små språk, der ein implementasjon består av ein parser, typesjekkar og ein tolkar (en. interpreter). Kurset har til formål å gjere studenten skikka til å lære nye programmerings-språk i framtida.
Innhald
Kurset dekkjer viktige språkkonstruksjonar i moderne språk. Kurset diskuterar spesifikasjonen av syntaksen og semantikken til program-meringsspråk og introduserar typesystem og typetryggleik. Studentane skal implementere ei rekkje tolkarar og typesjekkarar. Eit sentralt tema i kurset er reflektering rundt innflytelsen som eigenskapane til eit programmeringsspråk og dets faktorar har på programvarekvalitet.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Ved fullført kurs er eleven i stand til å:
Ferdigheiter
Generell kompetanse
Studierettleiar kan kontaktast her:
Tlf 55 58 42 00