Emner: INF227 Innføring i logikk - Vår 2018
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor/master/ph.d.
Fulltid/deltid
Undervisningsspråk
Norsk. Emnet undervisast på engelsk dersom engelskspråklege studentar meldar seg til emnet.
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan:
- Dei grunnleggjande konsepta frå matematisk logikk, sånn som:
- Formell resonnement
- Formell semantikk
- avgjerlegheit (en. decidability)
- Forholdet mellom desse: sunnheit, komplettheit, kompaktheit.
Ferdigheiter
Studenten kan:
- gje korrekte logiske argument
- finne feil i ukorrekte argument
Generell kompetanse
Studenten kan:
- diskutere logiske argument og deira gyldigheit med andre
- kommunisere dei grunnleggjande konsepta frå logikk og deira relevans med hensyn til informatikk
Læringsutbyte
Emnet tar sikte på å gi studentane ei forståing av grunnleggjande omgrep og teknikkar frå formell-logikk som vert nytta innan ymse greinar av informatikk. Forståing av grunnleggjande omgrep frå logikk er nyttig for alle informatikkstudentar. Særleg gir kurset det naudsynte grunnlaget for vidare studium innan teoretisk databehandling.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Litt erfaring med matematikk er ein fordel.
Studiepoengsreduksjon
I127: 10 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gjevast i form av førelesingar og gruppeøvingar.
førelesing 4 timar pr. veke
øvingar 2 timar på veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske øvingar må vere bestått.
Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i to påfølgande semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan foregå digitalt (på datamaskin). Du finn meir informasjon på: www.uib.no/digitaleksamen. Det er høve til å gje karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 10 deltakarar kan det bli munnleg eksamen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.nomailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar
Tlf 55 58 42 00