Emner: INF244 Grafbasert kodeteori - Høst 2018




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk

 

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål:
INF244 har som mål å lære studentane om inferens på grafar, spesielt i samanheng med kodeteori, men o¿g med omsyn til nevrale nettverk og lærte grafar. Vidare blir konsekvensane av å utnytte kvantesamanfiltring i desse samanhengane også diskutert. Målet med dette emnet er å gje studentane ei forståing av informasjonsbehandling, berekning og dekoding i ein kontekst med distribuerte nettverk.

Innhald:
Emnet vil diskutere melding-sendings algoritmar på grafar, spesielt i samanheng med kodeteori. Emnet inkluderer grafteori, trellis koder, Viterbi-algoritmen, og iterativ og konvergent melding-sending på grafar med syklar. Det vil også bli drøfta korleis meldingar sendast i enkle grafar i samanheng med F4-additive koder, og korleis man bruker lokal komplementasjon til sending av meldinger på dynamiske grafar. Graf-kvantetilstandar vil også bli forklart i denne samanhengen, og potensialet for kvante-kontekstualitet og -samanfiltring for å forbetre distribuerte nettverk og inferens skal drøftast, med henvisning til Bell ulikskapar. Dynamiske grafar som lærar og omlærar blir også diskutert, og vi skal undersøke implikasjonar for nevrale nettverk. Som oppgåver vil studentane bli bedt om å skrive programkode for å implementere melding-sendings algoritmar i fleire ulike kodingskontekstar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha oppnådd følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap
Studenten

 

Ferdigheter
Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Diskret matematikk

Studiepoengsreduksjon

I243: 5 SP

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet https://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gjevast i form av førelesningar og gruppeøvingar

Førelesningar: 4 timar pr. veke i 11 veker
Gruppeøvingar: 2 timar pr. veke i 9 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av obligatorisk oppgåve. Godkjend obligatorisk oppgåve er gyldig i eitt påfølgande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Obligatorisk oppgåve utgjer 50% av karakteren.
Skriftleg eksamen (3 timar) utgjer 50% av karakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar på instituttet.