Emner: INF247 Kryptologi - Vår 2018




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master/ph.d.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk

 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:
Emnet gir ei innføring i kryptoanalyse, som er ein del av kryptologi.
Grunnleggande vellykka kryptoanalytiske angrep mot symmetriske chiffer blir diskutert. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å identifisere nokon veikskapar i symmetriske chiffer primitivar og forklare det matematiske grunnlaget for deira tryggleik.

Innhald:
Emnet inneheld tre kapittel. Historisk chiffer kapittel omhandlar analyse av ulike substitusjon og transponering chiffer, Hagelin chiffer, G-Schriber, og på djupne-kryptoanalyse. Flyt-chiffer delen inneheld angrep basert på Berlekamp-Massey algoritmen, korrelasjon og algebraiske angrep, 2-ADIC kryptoanalyse. Blokk-chiffer del forklarar mann-i-midten angrep og lineær kryptoanalyse.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha oppnådd følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten kjenner
- grunnleggjande algebra og sannsynsteori sine applikasjonar i kryptoanalyse
- grunnleggjande vellukka kryptoanalytiske angrep jobbe

Ferdigheiter
Studenten er i stand til å
- forklare det matematiske grunnlaget for tryggleiken til chiffer
- fordøye og forklare korleis kryptografisk primitive fungerer
- gjennomføre grunnleggjande vellykka kryptoanalytiske angrep

Generell kompetanse
Studenten
- er kjent med nye idear i kryptoanalyse og innovasjonsprosessar
- kan utveksle meiningar med andre med bakgrunn i kryptologi og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis

Krav til forkunnskapar

Grunnleggjande algebra og sannsynsteori

Tilrådde forkunnskapar

INF240

Studiepoengsreduksjon

I247: 10 SP

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gjevast i form av førelesningar og gruppeøvingar:
Førelesningar: 4 timar pr. veke i 16 veker
Gruppeøvingar: 2 timar pr. veke i 15 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av obligatorisk oppgåve. Godkjend obligatorisk oppgåve er gyldig i eitt påfølgjande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Obligatorisk oppgåve utgjer 30% av karakteren. Skriftleg eksamen (4 timar) utgjer 70% av karakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@i.uib.nomailto:studieveileder@ii.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:
mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar
Tlf 55 58 42 00