Emner: INF285 Genomikk, transkriptomikk og proteomikk - Høst 2018




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master/ph.d.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk. Emnet undervisast på norsk dersom berre norskspråklege studentar meldar seg til emnet.

Undervisningssemester

Haust.

Mål og innhald

Emnet dekkjer grunnleggjande genomikk, transkriptomikk og proteomikk analyse. Dette inkluderar genom-vide analysar som genprediksjon, regulatoriske element, neste-generasjons sekvensering og analyse inkludert analyse av genomisk variasjon og ChIP-sekvensering og analyse. Vidare dekkjer emnet transkriptom-vide analyser som analyse av genuttrykk og spleise-variantar. Emnet dekkjer og grunnleggjande proteomikk ved bruk av masse-spektrometri og metodar for å analysere slike data.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha oppnådd følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Krav til forkunnskapar

INF281 Innføring i bioinformatisk sekvensanalyse

Tilrådde forkunnskapar

Kunne implementere grunnleggjande algoritmar i eit programmeringsspråk som ein veljar sjølv, samt vere erfaren med bruk av kommando-line Linux. Ein basal forståing for algoritmar og deira effektivitet er eit krav.

Studiepoengsreduksjon

INF282: 5 ECTS

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet https://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar, 4 timar i veka

Gruppeøvingar, 2 timer i veka

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktivitetar er gyldige to semester; det semesteret aktiviteten blir utført, samt det påfølgjande.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen. Dersom det er fleire enn 20 studentar kan det bli skriftleg eksamen. Obligatoriske arbeidskrav inngår i vurderingsgrunnlaget for eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator, i samsvar med modellar angjeve i fakultetet sine reglar, er tillate som hjelpemiddel under skriftleg eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar

Tlf 55 58 42 00