Emner: INF358 Seminar i visualisering - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Standard undervisningsspråk er norsk.

Engelsk undervisning (eventuelt supplerende undervisning) blir gitt ved behov.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studentane vil få følgjande oppgåver, som er vanlege for vitskapleg arbeid innanfor forskingsfeltet visualisering:

(1.) Få oversyn over ein utvald del av visulariseringsforskinga.

(2.) Gjere eit eige visualiseringsarbeid (potensielt forskingsarbeid)

(3.) Skrive ein vitskapleg artikkel om (1.) og (2.).

(4.) Presentere (1.) og (2.) i form av ein typisk forskingspresentasjon.

(5.) Læra om og eksperimentera med verktøy og teknologiar for visualisering.

Læringsutbyte

INF358 tar for seg den vitskapelege undersøkingsprosessen innan forskingsområdet visualisering. Studentane vil lære å kunne fordjupe seg i det siste innan føreliggjande vitskapelig litteratur, korleis ein ny forskningsidé systematisk blir utvikla, validert og kommunisert gjennom skriftlige og munnlige formidlingsformar, og korleis vitskapeleg framgang blir evaluert gjennom ein fagfellevurderingsprosess (peer-reviewing process). Etter å ha lykkas med å gjennomføre INF358, vil studentane vite korleis forsking blir utført og korleis ein presenterer ny kunnskap på ein strukturert og forståeleg måte. Som eit tilleggsutbyte, vil studentane tileigne seg ein god oversikt over spesielle visualiseringsområde, som har vore studert i detalj i løpet av kurset. For å bli kjend med forskingsundersøkingsprosessar og for ein smidig gjennomføring av ei masteroppgåve i visualisering, er det anbefalt å ta INF358. Skulle ein student gå vidare med eit doktorgrad (ph.d.) studium, vil utbyte av dette emne vere enda større.

I den andre delen av kurset vil studenten få eit oversyn over eksisterande teknologiar, verktøy og bibliotek for å gjera visualisering. Studenten vil også eksperimentere med desse i øvingar. Målet er at studenten skal kunne velje dei riktige verktøy og bibliotek for framtidige oppgåver i visualisering.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisningsformen kan bli endret dersom det er få studenter som deltar.

Vurderingsformer

Essay og munnleg presentasjon

Ingen hjelpemiddel ved munnleg eksamen, Tillatne hjelpemidler ved skriftleg eksamen: Alle kalkulatorer i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar

 

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

VISUAL: 10 SP

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.