Engelsk
Vår
Dette kurset byggjer på det grunnleggjande kurset i visualisering (INF212/252). Innhaldet i kurset orienterer seg mot den nyaste forskinga til visualiseringsgruppa ved UiB. Kurset vil presentere medisinsk visualisering så vel som interaktiv analyse av data frå ulike applikasjonsfelt, mellom anna olje&gass og fiskeri.
Etter å ha fullført INF359 skal studentane vere kjende med avanserte prinsipp som ligg til grunn for bildepresentasjon basert på eit perseptuelt dataperspektiv og presentere interaksjonsmetaforar for visualisering. Emnet tar for seg ei form for visualisering som baserer seg på eit høgare nivå av semantikk og rettar også fokus på ´interactive visual analysis´. Desse konsepta vert demonstrerte i applikasjonar innan varierande felt innan forsking, medisin og olje- og gassindustrien Bruk av visualisering er presentert i samanheng med den fullstendige databehandlingssprosessen: datainnsamlingsteknologi, automatisk bildeanalyse og dedikert maskinvare som mogeleggjer spesialisert interaksjon med visualisering. Visualiseringsprinsipp vert delvis forklart gjennom oppgåver, som baserer seg på gjennomlesing av artiklar. Studentane vil på den måten tileigne seg kompetanse i å lese vitskapleg produserte artiklar. Emnet vil delvis basere seg på gruppeøvingar, der studentar lærer seg programmeringsteknikkar for interaktiv visualisering gjennom bruken av ´graphic hardware shading units´.
INF252 (INF212) Visualisering
Godkjente obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Beståtte obligatoriske oppgåver. 3 timar skriftleg eksamen. Obligatoriske oppgåver kan telle i den samla karakteren. Om det er få studentar på kurset, kan det bli gitt munnleg eksamen i staden for skriftleg.
Ingen hjelpemiddel ved munnleg eksamen, Tillatne hjelpemidler ved skriftleg eksamen: Alle kalkulatorer i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar
VISUAL2: 10 SP