Norsk
Haust
INFO100 skal gi ei grunnleggjande innføring i informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og denne teknologien sin plass i samfunnet. Emnet skal også gi ei grunnleggjande innføring i informasjonsvitskaplege problemstillingar og gi døme på informasjonsvitskapleg forsking og forskingsmetode. I samband med emnet vert det også gitt noko rettleiing i praktisk bruk av aktuelle maskin- og programvaretypar.
Emnet kan kort seiast å dekkje følgjande tre område:
1. Kritisk perspektiv på IKT og IKT-bruk, med eit historisk og eit kulturkritisk perspektiv. Vidare inngår spørsmål om personvern, etikk, sårbarheit og sikring og IKT-politikk.
2. Døme på informasjonsvitskapleg forsking, informasjonsvitskaplege problemstillingar og informasjonsvitskapleg forskingsmetode.
3. Teknisk orienterte tema, blant anna datamaskinen si oppbygging og virkemåte, operativsystem, og nettverk.
I tillegg vert det gitt avgrensa rettleiing i utvalte nytteorienterte tema knytt til IKT.
Ingen
Førelesingar, labøvingar og gruppeøvingar (normalt 2 timar av kvar i 11-14 veker). Det vert forventa at studentane sjølve organiserer kollokvium.
3 timar karaktersett skriftleg prøve
INFO100 gir 5 studiepoeng i reduksjon når det blir tatt saman med DIKULT100. INFO100 overlappar også med dei gamle emna INFO001 og HUIN100.
For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplige fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagte (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet.
studieveileder@info.uib.no
Institutt for informasjons- og medievitenskap