Emner: INFO102 Formelle metoder for informasjonsvitenskap - Høst 2014
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Emnet skal gje grunnleggjande kunnskaper om formelle omgrep og metodar nytta innanfor grener av informasjonsvitskap. Det dannar grunnlag for studier i databasar, programmering og kunstig intelligens.
Fagleg innhald:
Elementær logikk og mengdelære, relasjonar og funksjonar. Grafar og tre.
Læringsutbyte
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:- demonstrere teoretisk kunnskap om grunnleggjande omgrep knytt til logikk, mengdelære, relasjonar, funksjonar, grafar og tre.
- gjere greie for til eit utval av andre relevante omgrep som byggjer på desse.
- gjengi og forklare omgrep og resultat.
- forklare, evaluere og vurdere uttrykk og resonnement der desse vert nytta.
- demonstrere mestring av formelle uttrykksformer og metodar i eit spekter av samanhengar; frå konkret bruk i programmerings- og spørjespråk til abstrakt bruk gjennom formalisering av enklare fenomen.
- demonstrere kjennskap til matematiske/formelle uttrykksformer og resonnement.
- demonstrere grunnleggjande forståing av formalisering som metode og områda der denne vert nytta.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar, labøvingar og gruppeøvingar (normalt 4 timar forelesing, 2 timar datalab og 2 timar gruppeøving i ca. 10 veker). Det blir forventa at studentane sjølve organiserer kollokvium.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske innleveringar, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Dei er gyldige
berre eitt semester utover det semesteret dei har blitt godkjende i.
Obligatorisk deltaking: Oppmøte på obligatoriske labgrupper (minst 80%).
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen.
Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Fagleg overlapp
Emnet overlappar 5 studiepoeng med MNF130, 5 studiepoeng mot INFO131 og 5 studiepoeng mot IV131.
Vurderingssemester
Vår/haust
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år.
Kontaktinformasjon
studieveileder@info.uib.no