Emner: INFO103 Informasjon og kunnskap - Høst 2014
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Kurset gjev eit oversyn over ulike tilnærmingar til informasjonsomgrepet, korleis informasjon og kunnskap vert modellert i ulike vitskaplege disiplinar, samt relaterte omgrep som data, kunnskap, språk, logikk og sannsyn. Målet er å gje studentane ei forståing av kva informasjon er. Dette skjer på eit breitt vitskapleg grunnlag og gjev ein kontekst for spesialisering i informasjonsvitskap.
Læringsutbyte
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:
greie ut om kva ein meiner med informasjon.
demonstrere overordna kunnskap om ulike måtar å modellere og analysere informasjon.
gjere greie for kva rolle informasjonsomgrepet spelar i ulike fagdisiplinar.
gje att dei vanlegaste måtane for å modellere informasjon.
demonstrere ei grunnleggjande forståing av relaterte modellar og omgrep frå fleire ulike fagdisiplinar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Ope for studentar ved UiB
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Forelesingar (16-20 timar), Øvingar (16-20 timar)
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske innleveringar, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Dei er gyldige
berre eitt semester utover det semesteret dei har blitt godkjende i.
Obligatorisk deltaking: Oppmøte på obligatoriske labgrupper (minst 80%).
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen 3 timar
Karakterskala
Bokstavkarakterar (A-F)
Vurderingssemester
Vår/Haust
Emneevaluering
Kurset blir evaluert kvart tredje år og av forelesar kvart år.