Emner: INFO232 Logikkprogrammering - Høst 2014
Studiepoeng
5.0Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Studentane skal meistre eit av dei dominerande programmeringsspråka innanfor kunstig intelligens og meistre enkle metodar på dette feltet.
Introduksjon til logikkprogrammering med Prolog. Deklarativ og prosedyreorientert forståing av program. Søk og tilbakesporing, datastrukturar, grunnleggjande I/O. Innføring i problemløysing ved hjelp av søkjeteknikkar.
Læringsutbyte
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne- greie ut om korleis program vert utforma i eit logikkprogrammeringsspråk.
- gjere greie for korleis logikk-program vert eksekvert.
- gjere greie for korleis ein representerer data i logikk-program.
- demonstrere korleis ein bruker søkjestrategiar til problemløysing i logikk-program.
- utvikle enkle applikasjonar i eit logikkprogrammeringsspråk.
- løyse søkjeproblem i eit logikkprogrammeringsspråk.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
INFO102 eller tilsvarande. Programmeringskompetanse.
Krav til studierett
Ope
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar og gruppeøvingar på datalab, kvar normalt 2 timar per veke i ca. 10 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske innleveringar, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Dei er gyldige
berre eitt semester utover det semesteret dei har blitt godkjende i.
Obligatorisk deltaking: Oppmøte på obligatoriske labgrupper (minst 80%).
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen
Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Fagleg overlapp
Fullt overlapp mot INFO281
Vurderingssemester
Haust/vår
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år.
Kontaktinformasjon
studieveileder@info.uib.no
Institutt
Institutt for informasjons- og medievitskap