Emner: INFO390 Masteroppgave i informasjonsvitenskap - Høst 2014




Studiepoeng

60.0

Undervisningssemester

Vår/haust

Mål og innhald

Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing om eit relevant tema innanfor informasjonsvitskap. Studenten skal vise at ho/han har og kan nytte avansert kunnskap og vitskapleg metode innanfor fagområdet. Vidare skal studenten meistre bruk av kjelder. Framstillinga skal gjere greie for problemstilling, metode og resultat og skal syne at studenten meistrar fagområdet sine uttrykksformer.

Læringsutbyte

Mastergradsoppgåva vert utført som eit gradsprosjekt med emnekode INFO390. Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne

uttrykkje sjølvstendige refleksjonar omkring og haldningar til eiget og nært relaterte forskingsfelt.

Krav til forkunnskapar

INFOMEVI300

Krav til studierett

Mastergradsstudentar i informasjonsvitskap.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Rettleiing på masteroppgåve.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Etter at masteroppgåva er innlevert, skal studenten gi ein presentasjon på 30 minutt av masteroppgåva. Presentasjonen finn stad normalt same dag som avsluttande eksamen. Eksamenskommisjonen vurderer presentasjonen til godkjend/ikkje godkjend. Dersom presentasjonen ikkje kan godkjennast, vil studenten få høve til å gi ein ny presentasjon, utan å levere oppgåva på nytt. Dette må gå føre seg innafor same semester som da oppgåva vart levert. Godkjend presentasjon er ei føresetnad for å gå opp til avsluttande eksamen.

Dersom masteroppgåva er et samarbeidsprosjekt må det komme tydelig fram i veiledningsavtalen hvordan masterprosjektet er delt.

Vurderingsformer

Masteroppgåve og ein justerande munnleg eksaminasjon i form av samtale mellom studenten og kommisjonen om masteroppgåva, normalt avgrensa til 45 minutt. Kommisjonen fastsett karakteren etter den munnlege eksaminasjonen.

I tilfeller der masteroppgaven er eit samarbeidsprosjekt må kvar student levere inn sin individuelle masteroppgåve og ha kvar sin munnlege eksaminasjon. Det må kome tydeleg fram i veiledningsavtalen og i oppgåva sin innleiing korleis masterprosjektet er delt mellom studentane.

I tilfelle klage vil masteroppgåva bli vurdert på nytt, og studenten må gå opp til ein ny munnleg eksamen.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Vurderingssemester

Vår/haust

Emneevaluering

INFO390 er gjenstand for kontinuerlig evaluering.

Kontaktinformasjon

studieveileder@info.uib.no