Emner: INFOMEVI173 Journalistisk mobilapplikasjon - Vår 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målet er å gje studentane ferdigheiter i å laga ein kontekstsensitiv journalistisk applikasjon for mobiltelefon eller lesebrett. Tradisjonelle krav til god journalistikk skal ivaretakast samstundes som ei original og innovativ teknisk løysing vert laga.

 

Kurset er eksperimentelt innretta. Studentane skal utvikla ein fungerande prototype der mobilens portabilitet vert brukt til eit journalistisk føremål. Innhaldet skal ta form av tekst, foto, lyd og/eller video. Grensesnittet skal ta i bruk geolokasjon, dynamiske kart, og informasjon frå akselerometer, kompass, og andre sensorar.

 

Utviklingsarbeidet skal ta utgangspunkt i arkiv eller databasar med ferdigprodusert journalistisk innhald frå ein profesjonell medieprodusent i Bergen. Instituttet er ansvarleg for å gjera avtalar og skaffa slikt materiale.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

Tilrådde forkunnskapar

INFOMEVI106 Introduksjon til film-/tv, journalistikk og nye medier

INFOMEVI171 Nye medier: produksjon og analyse

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar ved bachelorprogrammet i nye medier.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gitt i form av plenumssamlingar, teknisk opplæring og utviklingsarbeid under rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på plenumssamlingar og tekniske kurs, og deltaking i praktiske produksjonar.

Vurderingsformer

Mappe som inneheld ein gruppebasert prototype på ein journalistisk mobilapplikasjon, og ein individuell produksjonsrapport på ca. 3000 ord. Begge deler vert vurdert under eitt og gitt bokstavkarakter.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Fagleg overlapp

Emnet har full overlapp med MEVI153 Reportasje og dokumentar

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærar kvart år.

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitenskap