Målet er å gje studentane ferdigheiter i å laga ein journalistisk prototype for mobiltelefon, smartklokke, lesebrett eller liknande. Tradisjonelle krav til god journalistikk skal ivaretakast samstundes som ei original og innovativ teknisk løysing vert laga.
Kurset er eksperimentelt innretta. Studentane skal utvikla ein fungerande prototype der ny teknologi vert brukt til eit journalistisk føremål. Innhaldet skal ta form av tekst, foto, lyd og/eller video. Grensesnittet skal ta i bruk geolokasjon, dynamiske kart, og informasjon frå kamera, mikrofon, akselerometer, kompass, og andre sensorar.
INFOMEVI106 Introduksjon til film-/tv, journalistikk og nye medier
INFOMEVI171 Nye medier: produksjon og analyse