Emner: INFOMEVI300 Prosjektarbeid og forskningsdesign - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målet med kurset er å få studentane tidleg i gong med arbeidet med masteroppgåva gjennom å gi praktisk og handverksmessig kunnskap om korleis ein gjennomfører eit masteroppgåveprosjekt frå idé til eit tilnærma fyrsteutkast. Gjennom utarbeiding av ei omfattande prosjektskisse (15-20s) skal dei få auka innsikt i akademisk skriving, litteratursøking og forskingsdesign meir allment, med særskild vekt på val av relevant teori og metode og ei fornuftig avgrensing av prosjektet. Prosjektskissa dannar grunnlaget for masteroppgåva.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal kandidaten kunne

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande.

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på masterprogramma i informasjonsvitskap og i medievitskap.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesning og seminar. Individuell og plenumsbasert rettleiing.

Ca. 2 timar undervisning per veke i ca. 12-14 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er tre obligatoriske innleveringar. Etter fire veker skal studentane levere eit kortare framlegg til prosjektskildring på 3-4 sider. Etter åtte veker skal studenten levere eit fyrsteutkast på 10-15 sider. Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester utover undervisningssemesteret. Ved kursslutt skal studenten levere eit endeleg utkast på 15-20s. Dette siste utgjer eksamen.

Det er obligatorisk oppmøte.

Vurderingsformer

Prosjektskildring.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Full overlapp mot INFO300 og MEVI300

Vurderingssemester

Haust og vår

Emneevaluering

Opplegget og undervisninga vert evaluert i slutten av semesteret.

Kontaktinformasjon

studieveileder@mevi.uib.no; studieveileder@info.uib.no