Emner: INNOV201 Innovasjon ved designtenking - Høst 2024




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Emnet går både haust og vår og studentar har tilgang til emnet etter følgjande prioritering:

  1. Studentar på sivilingeniørprogramma ved MN-fakultetet har førsterett til plass på emnet i begge semestera. Dei ulike programma har vidare fortrinn til plassane i kvar sine semester etter følgjande prioritering:

a.Vårsemesteret: studentar på dei integrerte masterprogramma i energi, havteknologi og medisinsk teknologi har førsterett til plass på emnet.

b. Haustsemesteret: Studentar på dei integrerte masterprogramma i havbruk og data science har førsterett til plass på emnet

  1. Studentar som går på eit studieprogram ved MN-fakultetet /gjeld ikke årsstudie) eller det integrerte masterprogrammet i informasjonsteknologi og økonomi og som har avlagt minimum 60 studiepoeng

  1. Studentar som går på andre studieprogram ved UiB enn dei som er nemnde i punkta over og som har avlagt minimum 60 studiepoeng

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i https://www.uib.no/matnat/53575/undervisningsopptaket-ved-mn-fakultetetundervisningsopptaket. Frist for å melde seg til undervisining i emnet er onsdag i veke 33 på haustsemesteret og onsdag i veke 2 for vårsemesteret.

Det vil normalt vere svært få plassar tilgjengelege for studentar i gruppe 2 og 3. Sjå ytterlegare informasjon under "krav til studierett".

Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Tidspunkt for første førelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på https://mitt.uib.no/login/ldapMitt UiB.

Mål og innhald

Dette kurset er eit djupdykk i verktøya, metodikken og tenkegangen til designtenking (design Thinking). Designtenking er ein praktisk, menneskesentrert og prototypedreven prosess for innovasjon som hjelper team å takle komplekse, vagt definerte utfordringar på kreative måtar. desse utfordringane kan oppstå under utvikling av ye produkt og tenester, i utforminga av forretningsmodellar eller i struktureringa av organisatoriske system.

Som student vil du få designutfordringar frå leiande organisasjonar i både privat og offentleg sektor. I team vil de bruke designtenkingmetodikk for å takle desse utforddringane på vegne av og i nære samhandling med oppdragsgivar.

Designtenkarar tar utgangspunkt i den menneskelege opplevinga. Vi forstår at dei mest verknadsfulle innovasjonane er dei som adresserer viktige menneskelege behov på ein meiningsfull måte. Designtenkarar bygger grove og raske prototypar, og testar dei ut gjennom prøving og feiling. I byrjinga kan dette opplevast kaotisk og risikabelt, men verdset den raske tilbakemeldinga dette gir. Vi er opne for små feiltrinn, som banar veg for suksess. Vi trenar oss sjølve- og teama våre- til å sjå dei moglegheitene for læring som ligg i å feila.

Designtenkarar fokuserer meir på å stille dei riktige spørsmåla enn å kome med dei riktige svara. Fordi det ikkje finst ei "riktig framtid", men i staden for mange "moglege framtider", vil dette hjelpe oss å utforske moglegheiter - og til slutt finne ei best mogleg løysing.

Designtenkarar søkjer stadig moglegheiter for samarbeid og samskaping. Vi erkjenner at mikrostyring av innovasjonsprosessen ikkje berre er nyttelaust, men også kontraproduktivt. Designtenkarar frydar seg over usikkerheit, improviserer heile tida, stoler på magefølelsen og ler mykje.

Læringsutbyte

Etter fullført emne i designtenking har studenten:

Kunnskap

Ferdigheiter

Generell kompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Studentar har tilgang til emnet etter følgjande prioritering basert på studierett:

1. Studentar på sivilingeniørprogramma ved MN-fakultetet har førsterett til plass på emnet i begge semester. Dei ulike programma har vidare fortrinn til plassane i kvar sine semester etter følgjande prioritering:

a. Vårsemesteret: Studentar på dei integrerte masterprogramma i energi, havteknologi og medisinsk teknologi har førsterett til plass på emnet

b. Haustsemesteret: Studentar på dei integrerte masterprogramma i havbruk og data science har førsterett til plass på emnet

2. Studentar som går på eit studieprogram ved MN-fakultetet (gjeld ikke årsstudie) eller det integrerte masterprogrammet i informasjonsteknologi og økonomi og som har avlagt minimum 60 studiepoeng

3. Studentar som går på andre studieprogram ved UiB enn dei som er nemnde i punkta over og som har avlagt minimum 60 studiepoeng

Om det er naudsynt å prioritere studentar i gruppe 1, nyttast poengprinsippa som gjeld for undervisningsopptaket.

For studentar i gruppe 2 og 3, vil det normalt vere svært få plassar tilgjengelege. Desse plassane fordelast slik at studentar frå så mange studieprogram som mogleg er regpresentert. Det gjerast difor eit utplukk som sikrar fagleg variasjon for best mogleg utbytte for studentgruppa som heilheit.

Arbeids- og undervisningsformer

Workshops og eit gruppeprosjekt. Studentteam vil takle ekte designutfordringar ve då bruke designtenkingmetoden på vegne av og i samband med ein ekstern organisasjon.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er krav om minimum 80% oppmøte

Vurderingsformer

Ein presentajon i team og refleksjon omkring teamarbeidet.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått.

Litteraturliste

Creative confidennce by Tom and David Kelley

The Achievement habit by Bernard Roth

Programansvarleg

Programstyret for havteknologi har ansvar for fagleg innhald.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studie.htek@uib.no