Emnet går både haust og vår og er forbeholdt følgjande studenter:
Vår: forbeholdt studentar på sivilingeniørprogramma ved fakultetet
Haust: forbeholdt studentar som går på eit studieprogram ved fakultetet (gjeld ikke Årsstudie).
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i
Frist for å melde seg til undervisining i emnet er onsdag i veke 33 på haustsemesteret og onsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på
Tidspunkt for første førelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på
Dette kurset er eit djupdykk i verktøya, metodikken og tenkegangen til designtenking (design Thinking). Designtenking er ein praktisk, menneskesentrert og prototypedreven prosess for innovasjon som hjelper team å takle komplekse, vagt definerte utfordringar på kreative måtar. desse utfordringane kan oppstå under utvikling av ye produkt og tenester, i utforminga av forretningsmodellar eller i struktureringa av organisatoriske system.
Som student vil du få designutfordringar frå leiande organisasjonar i både privat og offentleg sektor. I team vil de bruke designtenkingmetodikk for å takle desse utforddringane på vegne av og i nære samhandling med oppdragsgivar.
Designtenkarar tar utgangspunkt i den menneskelege opplevinga. Vi forstår at dei mest verknadsfulle innovasjonane er dei som adresserer viktige menneskelege behov på ein meiningsfull måte. Designtenkarar bygger grove og raske prototypar, og testar dei ut gjennom prøving og feiling. I byrjinga kan dette opplevast kaotisk og risikabelt, men verdset den raske tilbakemeldinga dette gir. Vi er opne for små feiltrinn, som banar veg for suksess. Vi trenar oss sjølve- og teama våre- til å sjå dei moglegheitene for læring som ligg i å feila.
Designtenkarar fokuserer meir på å stille dei riktige spørsmåla enn å kome med dei riktige svara. Fordi det ikkje finst ei "riktig framtid", men i staden for mange "moglege framtider", vil dette hjelpe oss å utforske moglegheiter - og til slutt finne ei best mogleg løysing.
Designtenkarar søkjer stadig moglegheiter for samarbeid og samskaping. Vi erkjenner at mikrostyring av innovasjonsprosessen ikkje berre er nyttelaust, men også kontraproduktivt. Designtenkarar frydar seg over usikkerheit, improviserer heile tida, stoler på magefølelsen og ler mykje.
Etter fullført emne i designtenking har studenten:
Kunnskap
Ferdigheiter
Generell kompetanse
For oppstart på emnet er det krav om følgjande:
Vårsemesteret: kun forbeholdt studentar på sivilingeniørprogramma ved fakultetet.
Haustsemester: ope for alle programstudentar ved fakultetet etter følgjande kriterier:
For best mogleg fagleg utbytte, vil vi ta inn studentar frå så mange studieprogram som mogleg. Dersom det vert fleire søkjarar enn plassar, vil vi derfor gjere eit utplukk som sikrar at vi får fagleg variasjon.
Creative confidennce by Tom and David Kelley
The Achievement habit by Bernard Roth